– Ørsta kommune vil tilrå alle å sikre trampoline og andre lause gjenstandar, og vere budd på sterke kastevindar torsdag ettermiddag/kveld. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kva omfang uveret vil ha, men vanleg aktsemd tilseier at det er best å vere før var, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Yr.no melder at det sør for Stad vil blåse opp allereie torsdag føremiddag, og auke utover ettermiddagen. Ved Stad og på mørekysten vert vinden på sitt mest heftige om kvelden og natta.

– Hadde det vore haust ville vi sagt at dette er ganske vanleg. Men det er veldig spesielt å få det no på denne tida. Det som gjer oss litt uroa, er at folk kan vere litt uførebudde på det som kan kome, seier meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt til Yr.no.

Farevarselet er på oransje nivå og gjeld frå Hordaland til Trøndelag sør for Trondheimsfjorden.

I desse områda er det venta sterk kuling utsette stader, ved Stad og i høgfjellet opp i full storm.