Tysdag besøkte Per Rune Eknes Ørsta formannskap. Eknes har tidlegare vore 20 år i Norges Svømmeforbund sitt styre, 12 av åra som president. No har han trappa ned, men sit mellom anna framleis i styret i det europeiske symjeforbundet. Han har sett nordmenn ta medaljar både i VM og i OL.

I Ørsta: Per Rune Eknes informerte formannskapet.

– Dei siste åra har eg hjelpt kommunar til å tenke annleis og enklare når det gjeld satsing på basseng og symjeopplæring. Der er gode løysingar som er rimelegare og bra, og som er annleis enn det vi ofte tenker her på berget, seier Eknes.

Han viser mellom anna til Nederland, der dei har bygd stålbasseng med hev- og seinkbar botn. Bassenget har også ein skiljevegg som kan hevast og seinkast etter behov, og som gjer det mogleg å også ha to ulike temperaturar på vatnet.

Nederland: I Culemborg har dei stålbasseng med skiljevegg og hev- og seinkbar botn. Bassenget kan ha ulik temperatur på kvar si side av veggen, og dette gjer det mogleg for fleire brukargrupper å nytte seg av bassenget samtidig. Foto: http://www.2521gewoonzwemmen.nl

– Då kan bassenget brukast til både mosjonssymjing og terapisymjing på same tid. Det vert eit fleirbruksbasseng. Alt etter kva aldersgruppe som nyttar seg av bassenget, kan botnen løftast. Er det til dømes små barn som skal lære seg å symje, kan det vere 60 cm djupt, medan det er to meter djupt på andre sida av veggen. Skal heile bassenget vere i bruk, seinkar du både veggen og golvet.

I Ørsta sentrum skal eit 12,5 meters basseng forsyne elevar frå både Vikemarka, Velle, Dalane og Ørsta ungdomsskule. Bassenget er frå slutten av 60-talet, og har sett sine beste dagar. Her skal elevane lære å symje, og nå lærekrava som seier at ein fjerdeklassing skal kunne symje 100 meter i strekk, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand.

– Det er veldig klare krav i dagens læreplan. Då er ikkje eit 12,5 meters basseng godt nok. Dette var vanleg å bygge på 1960- 1970-talet. Ørsta vil få problem med å møte desse krava med dei fasilitetane som er her i dag. Trengst det eit større basseng? Ja. Både Ørsta og Volda må ha eit 25-meters basseng. Bygdene er store nok til det. Det er ikkje nok med eitt. Det handlar også om at symjing skal vere eit lågterskeltilbod. Symjing er for alle, heile livet. Alle skal vere inkludert, ingen skal vere ekskludert. Å få det hundre prosent for alle er kanskje ikkje mogleg, men kan vi klare 80–90 prosent vil det vere godt nok. Utfordringa er å få dette til på ein måte som gjer at kommunane har råd til det.

Eknes fortel at eit stålbasseng er mykje rimelegare å bygge enn eit tradisjonelt basseng.

– I tillegg krev det også berre eitt reinseanlegg. Mot fleire, om du byggjer opplæringsbasseng, barnebasseng, terapibasseng osv. Eit stålbasseng er billigare å bygge og billigare å drifte.

Om Ørsta satsar på eit nytt opplæringsbasseng på 12,5 meter, trur Eknes det vil vere eit tapsprosjekt.

– Det er plass til få menneske i små basseng. Det er dyrt å bygge og få som får nytte av det. Eit 25-meters basseng vil fleire ha glede av, og dess større du bygg, dess meir spelemidlar er det å hente, seier han, og viser mellom anna til Flesberg kommune, som med sine 2.500 innbyggjarar no satsar på eit 25x21 meter stort basseng. Prislappen kom på 63 millionar kroner, og 35 av dei er finansiert gjennom spelemidlar.

– Og det kostar ikkje kommunen meir enn om dei skulle ha bygd eit vanleg opplæringsbasseng. Her er moglegheiter Ørsta må nytte seg av, og plasseringa ved fleirbrukshallen er optimal, meiner Eknes.

Momsen knekk ryggen på bassengsatsing

Men der er nokre skjær i sjøen.

– Byggjer du badeland for 250 millionar vert du bejubla, men om du byggjer eit billegare basseng i kommunen til bruk for ålmenta, må du betale.

– Vi må få momskompensasjonen tilbake. Byggjer du basseng med silebane og moro, får du kompensasjon. Byggjer du billegare – for alle – må du betale. Dette er også ulikt mellom dei ulike skatteområda. Skatt Midt praktiserer dette. Det knekk ryggen på dei kommunane som vil byggje basseng. Paradokset er at kulturdepartementet gir fleire millionar i støtte gjennom spelemidlane, og så kjem skattemyndigheitene i andre enden og hentar pengane tilbake.

For å oppnå momskompensasjon frå staten, er føresetnaden at det ikkje skjer økonomisk aktivitet som kan vere i konkurranse med verksemder som ikkje får slik kompensasjon. Problemstillinga er også aktuell i Ørsta med den nye fleirbrukshallen.

– Dette må de gi klare signal om til styresmaktene, oppmoda Eknes.