Sunnmøre tingrett oppnemnde advokat Knardal til medhjelpar, og han fekk i oppgåve å selje dei to leilegheitene i Holtegården, som til saman hadde ein takst på 4,9 millionar kroner. Arvingen Anne Laupstad er kritisk til måten salet vart gjennomført på, og kallar prospektet for skremselspropaganda. Sentralt står spørsmålet om betaling for garasjeplass, og ein påstand om at felleskostnadane vart dobla rett før salet.

–Det vart opplyst i prospektet at det var ulike oppfatningar av om det følgde med garasjeplass eller ikkje. Når det gjeld fellesutgiftene fekk eg opplys-ningane frå styret i sameiget, som viste til vedtak i eit sameigarmøte som tilsynelatande var gyldig. Som meklar kan eg ikkje overprøve slike opplysingar, eg må berre bringe dei vidare, seier Jørund Knardal.

– Kva med påstanden om at ein eigedomsmeklar ville sytt for eit betre prospekt og ein meir profesjonell salsprosess?

– Eg er meklar i tillegg til å vere advokat. Eg forstår det slik at det mellom anna har kome kritikk mot bruken av bilete frå leilegheita. Bileta som vart brukte var tatt medan den avdøde eigaren levde, og biletbruken var avklara med han.

Knardal seier at leilegheitene hadde vore til sals lenge, og at det ikkje kom inn andre bod.

– Mi rolle var å selje på vegner av tingretten, og så må tingretten ta stilling til om bodet kan aksepterast. Det kom ikkje inn andre bod. Årsaka er nok at det har vore mykje styr knytt til leilegheitene, og det har vore rettssaker. Når det er slike konfliktar så skuggar folk unna. Eg vil gjerne legge til at Laupstad har hatt sjansen til å by, noko eg også oppmoda henne til.

– Ho er kritisk til at meldinga om akseptfrist vart sendt ut rett før jul, då det var rettsferie.

– Ho vart alt i november oppmoda om å by, så ho hadde god tid på seg. Og ho vart orientert gjennom heile salsprosessen, seier Knardal.