Han representerer Sameiet Holtegården, der styreleiar Otto Holte heilt eller delvis eig ni leilegheiter. I tillegg har kona og eit familiemedlem blitt eigarar av kvar sine leilegheiter etter det omstridde tvangssalet.

Advokaten viser liten forståing for at salet er noko å skrive om.

– Det er eit vanleg tvangssal. Det er reglar for tvangssal, og reglane er følgde. Kven seier det er spesielt?

– Det spesielle er vel at prisen er så låg som han er, og at kjøparane begge er nærståande til styreleiaren?

– Det er slett ikkje noko spesielt. Leilegheitene skal seljast til det marknaden byr, og det er ikkje bode meir. Og det er betydelege leigerestanser fordi avdøde ikkje gjorde opp for seg. Han påførte sameiget omkostnader til rettssaker fordi han var ein vriompeis. Då har vi reglar som fører fram til tvangssal, og når det ikkje er fleire som byr blir det seld til høgstbydande.

–Det vert påstått at prisen for felleskostnader vart dobla i forkant av salet. Kva kommentar har du til det?

– Fellesutgifter vert fastsett gjennom dei utgifter sameiget har, og dette sameiget hadde store kostnader, mellom anna fordi dei må reparere eit tak. Felleskostnader er sette etter det det vil koste å reparere taket. Dessutan var det utgifter til sakskostnader fordi avdøde ikkje betalte leiga si i tide. Og då må kostnadene ved å bu der går opp. Det er naturleg.

– Opplysninga om at garasjeplassane kostar 300.000 er vel også noko som kan vere eigna til å skremme vekk interessentar?

– Du sel anten med garasjeplass, eller utan. Det er ikkje skremming i det. Du kan sjølv velje om du vil kjøpe med eller utan garasje.

– Så det følgde ikkje garasjeplass med leilegheitene slik andre seksjonseigarar hevdar dei kan dokumentere?

– Nei, det var ikkje med garasje. Dersom det er omstridd må det avgjerast av ein domstol.

Advokaten meiner arvingen Anne Laupstad har tabba seg ut sidan ho ikkje sjølv baud på leilegheitene.

– Laupstad forsøkte seg og vart nedstemt i retten. Ho har drite seg ut, så lenge ho ikkje har bode på leilegheita. Ho hadde same adgang som andre til å by. Og eit bod frå dei ville vore pengar til dei sjølve, seier advokat Myhr.

Otto Holte er ein pensjonert flygar som har investert i fleire eigedomar i Volda.

Den utflytta voldingen eig heilt eller delvis 9 av 13 seksjonar i Holtegården i Storgata i Volda. Fem av leilegheitene vart i si tid kjøpte frå Volda kommune.

I første etasje i Holtegården ligg Volda Hostel and BB ( bed and breakfast) I kjellaren ligg Volda Bilpleie.

Otto Holte eig og tidlegare Svendsen Hotell, som er naboeigedomen til Holtegården.  I 2013 godkjende Volda kommune ein privat reguleringsplan for bygging av eit fire/fem etasjers fjordhotell på denne tomta.

– Det er Otto Holte, gjennom selskapet OH Invest as som står bak planane om nytt hotell, der det også er innteikna leilegheiter. Neste steg vert å skaffe endeleg finansiering og utforme detaljplanar. Volda kommmune har i årevis arbeidd med hotell i samband med planar for nytt kulturhus, skreiv Sunnmørsposten i 2013.

Sidan har det vore stilt rundt planane.

Møre-Nytt har lenge prøvd å kome i kontakt med Otto Holte, gjennom ulike kanalar. Men han har ikkje svara.