Sjukmeldt

Rådmann Wenche Solheim.  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

Rådmann Wenche Solheim er sjukmeldt grunna ribbeinsbrot, melder Ørsta kommune på sine heimesider.

Assisterande rådmann Eldar Øye trer inn som rådmann i hennar fråvær. 

- Det vert gjort mellombelse endringar i oppgåvefordeling internt i administrasjonen på grunn av situasjonen som er oppstått. Vi ber difor publikum om først og fremst å vende seg til servicekontoret når de ynskjer kontakt. På førehand takk for forståing, skriv kommunen.