Fredag var det eit nytt møte mellom Ørsta og Volda kommunar og Statens vegvesen om ein felles bompakke for dei to kommunane. Målet til vegvesenet og kommunane er å få til ei ordning med førehandsinnkrevjing av bompengar, slik at det vert finansiert andre prosjekt enn berre Volda-tunnelen.

– Vi hadde eit greitt og konstruktivt møte, og slik det ser ut no, vil kommunestyra få to forslag til førehaving. Det eine er ein «Volda-pakke» med flest tiltak i Volda, men også med gang- og sykkelveg mellom Furene og flyplasskrysset, og dessutan ei rundkøyring i flyplasskrysset. Det andre alternativ medfører at det vert fleire tiltak i Ørsta, fortel ordførar Stein Aam i Ørsta.

Det siste alternativet er ei barbert utgåve av kva vegvesenet eigentleg ynskte. Tidlegare i vår foreslo vegvesenet ein pakke med fleire tiltak i Ørsta og Volda, og med fire bomstasjonar: Rotsethorntunnelen, langs noverande E39 mellom Volda og Ekset, i sjølve Voldatunnelen – og i Hovdebakken.

– Volda nektar bomstasjon i Rotsethorntunnelen, og Ørsta nektar bomstasjon i Hovdebakken. Det som ser ut til å verte alternativet, er det at kjem to bomstasjonar på Volda-sida, ein i tilknyting til Voldatunnelen, og ein i området frå Klippa til rundkøyringa i Furene. Kva denne siste vert plassert, ser vi i Ørsta som ei sak Volda kommune må avgjere, seier Aam.

På Ørsta-sida vert det då ein bomstasjon ved hjorteovergangen på kommunegrensa.

– Og forslaget går vidare på at inntektene frå dei om lag tusen fleire daglege passeringane her, skal gå til tiltak i vår kommune, seier Aam. Det vil seie at kommunestyret i Ørsta vil få stor påverknad over kva prosjekt som vert prioritert.

Men det kan også ende på ei rein Volda-pakke. Det vil seie bygging av sjølve Voldatunnelen, og med tilhøyrande nye vegløysingar for sjukehus- og høgskuleområdet. Her vert det nye vegløysingar og ei ny rundkøyring m.a. Men i denne løysinga er det også plass til gang- og sykkelveg mellomFurene og Hovdebygda og eit nytt flyplasskryss.

– Eg trur saka no har kome så langt, at det vil kome forslag til behandling i kommunestyra, og at vi kan ta ei avgjerd i saka, seier Aam.

Til sist er det er opp til Stortinget om det vert ein bompengepakke for Volda og Ørsta.