Møre-Nytt er på tråden for å avtale ein tur til Pølsa, eller Okla, ovanfor Ose. Starten er ved trafostasjonen i Rystefeltet. Og presis sju over halv dukkar Helge Åmelfot og Inge Ose opp.

I 23 år har dei saman med andre lagt stein for stein for å gjere råsa opp til Pølsa til ei av dei flottaste i heile regionen. Det som tidlegare mest ikkje var ei rås, men berre gjørme og vanskeleg ur, er no ei hellelagt rås som er tilgjengeleg for dei aller fleste.

Den tyngste: Denne hella henta Helge Åmelfot om lag hundre meter under toppen. Då han skulle leggje henne på plass, kløyvde ho seg. – Då vart eg forbanna! Foto: Rune Sæbønes

Sidan 1995

– Vi har lagt ned stein kvart år sidan 1995, då vi bestemte oss for å lage til denne råsa. Då var det mest inga rås her, fortel Åmelfot.

Åtte minutt over halv dukkar Tor Aasen opp. Helge var litt uroa over at han ikkje kom.

Hellelagd: Hellene er lagde fint på rekkje i råsa. Foto: Rune Sæbønes

– Det var kø i krysset i Hovdebygda, forklarar Tor. Han er ein av dei faste turkameratane. Seinare kjem også Jon Trygve Engeset.

Denne gjengen går fleire turar i veka til Pølsa.

– Tysdagsturen er den mest faste, men det kan verte fleire, fortel Helge.

Steinar i sekken

Og sidan dei byrja å gå til Pølsa – i 1995 – har spesielt Helge og Inge hatt råsa i tankane. Dei har hatt med seg steinar og heller i ryggsekken, og med stort tolmod og mykje styrke har dei fått laga til råsa.

– For nokre år sidan hadde vi ei oppteljing over kor mange steinar vi har frakta opp i råsa. Då kom vi til 450, fortel Helge.

– Og det er mange år sidan. Eg trur vi kan doble det talet no, minst, seier Tor Aasen.

Han poengterer at det er Inge og Helge som har gjort mesteparten av jobben.

– Dei har lagt steinane og hellene til. Eg har berre trakka dei på plass, seier Tor skjemtefullt.

Helge fortel at han no berre peikar kvar steinane skal leggjast.

– Eg slit med noko verk i armane, og har forbod mot å løfte tungt, fortel han.

Pølsegjengen har det kjekt saman. Det vert mange turar saman opp til toppen, og elles i terrenget rundt. Det er ikkje berre til Pølsa dei har lagt steinar, men også i andre råser i området.

Turane tek dei i all slags ver. Sommar og vinter. Rundt advent og jul legg dei mykje vinn i å få opp juletreet og jule- og nyttårshelsingane.

Mot Melshornet: Inge Ose og Jon Trygve Engeset har bestemt seg for å leggje inn ei ekstra sløyfe. Foto: Rune Sæbønes

Dagmar

– Vi var oppe her 1. juledag i 2011. Det var då Dagmar kom. Då måtte vi verkeleg halde oss faste, fortel Tor. Då forsvann det også ein god stige av beste Ørsta Stålindustri-kvalitet.

– Eg har leita etter denne stigen i fleire år, men han har berre forsvunne. Det fortel litt om kreftene som kan vere her, seier Helge.

Når gjengen går oppover, kan det gå styggfort.

Juks

– Men eg har slutta å gå på tid, seier Helge. Han går oftast fremst, for han er av dei som kan gå og prate samstundes. Og praten sit laust.

– Ser du den hella der. Det er juks, for den kjøpte vi. Men elles er det berre naturstein, fortel han.

Råsa til Pølsa er «open» heile året. Om vinteren er det jamvel ei eiga rås ned.

– Det er fordi det ikkje skal verte glatt i den råsa folk går opp. Når folk går nedover, har dei ein tendens til å skli, og lage det glatt, forklarar Helge.

Han har ikkje oversikt over talet på timar han har brukt på råsa.

Bekk: Over bekker er det lagt heller og større steinar slik at folk kan gå tørrskodde. Foto: Rune Sæbønes

Lite tid til hagen

– Men kona seier at hadde eg brukt like mykje tid i hagen som i råsa, då hadde vi hatt verdas finaste hage.

Pølsegjengen gler seg over å kunne vere ute i naturen. Det er helse og mosjon. Tor er den som er mest uroa for tida. Han har nemleg ei interessekonflikt.

– Ja, for no startar laksesesongen. Då greier eg ikkje late vere å fiske. Forma vil nok vert ringare, sukkar han.

På turen Møre-Nytt fekk vere med på var der mange mosjonistar i råsa. Alle like blide. Helge fortel at folk kjem frå heile området for å gå denne turen.

– Og det er jo dette som motiverer oss. At folk får ha eit godt turtilbod. No planlegg vi også å få opp ei hengekøye. Då vert det endå meir stas, seier Helge.

Trapper: Der det før var ei umogleg ur, er det no trapper som folk kan trygt i. Helge Åmelfot og Tor Aasen trivst i dette terrenget. Foto: Rune Sæbønes