Skal stimulere til aktivitet i Vikeparken

Vil lage aktivitetspark

Svendsengarden var første prosjekt i sentrumsutviklinga. Det prosjektet er ferdigstilt, og neste prosjekt ut på prioriteringslista er Vikeparken.

13,5 millionar kroner: Skisseprosjektet for Vikeparken som aktivitetspark er ferdigstilt. No står det att å sjå om det er pengar til å gjennomføre oppgraderinga av parken. Skisse: Norconsult 

Nyheiter

Trimapparat, slakke liner, geoball, gummidekke med klatretak, huske, trampolinar, sklier, vassleikområde, svingstenger, parkourelement og klatrestativ er nokre av ideane som er teikna inn på skissa over den nye Vikeparken. Skisseprosjektet som det har blitt arbeidd med skal leggjast til grunn for vidare oppfølging i samband med arbeid med budsjett og økonomiplan.