FoU-prisen til Siv Måseidvåg Gamlem

FoU-prisen for 2018 går til førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Pris: Siv Måseidvåg Gamlem er tildelt FoU-prisen for 2018. 

Nyheiter

Det er Høgskulen i Volda ved høgskulestyret som deler ut prisen.

– Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats, heiter det i ei pressemelding frå Høgskulen i Volda.

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Gamlem yter ein framifrå innsats for forsking på eit strategisk viktig felt ved Høgskulen i Volda.

– Ho publiserer og formidlar i vitskapelege kanalar, for praksisfeltet og for ålmenta, og forskinga hennar vert lagt merke til og nytta både nasjonalt og internasjonalt, heiter det i grunngjevinga.

Gamlem har også vorte forskingsleiar for det NFR-finansierte prosjektet DigiHand saman med mellom anna prosjektleiar Wenke Mork Rogne.

– Gamlem inspirerer og løfter kollegaene sine, og ho er også leiar av forskingsgruppa Læringsprosessar og vurderingshandlingar.

FoU-prisen vert delt ut i samband med opninga av Forskingsdagane 2018 fredag 21. september.