Nederlandsk familie vil utforske skandinavisk skule

– Nordmenn har eit rykte på seg for å vere reserverte, men vårt inntrykk er at de er opne

To vaksne, tre barn, ein bubil, ein koffert kvar, lærelyst og nysgjerrigheit. Det er nokre nøkkelopplysningar om Ronald Heidanus og Inge van de Goor sitt Education on tour-prosjekt. Dei to siste vekene har den nederlandske familien besøkt Dalane skule.

Education on tour: Ronald, Jonah, Inge, Leiah og Feie har dei siste to vekene besøkt Dalane skule. Opplevingane ved skulen har vore gode og ttdanningstunéen går no mot slutten.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

For to år sidan byrja lærarane Ronald Heidanus og Inge van de Goor å gjere alvor om draumen om å ta med seg ungane og besøke skandinaviske skular. Gjennom mange år har familien vore flink til å spare opp pengar. Ein bubil vart kjøpt inn og lærarane byrja å kontakte skular i Sverige, Danmark og Noreg.