Rigmor Digernes Furseth sit heime i sofaen på garden på Digernes. Ektemannen Martin held eit godt tak rundt skuldrene hennar. Det siste halvåret har ho jobba hardt for å kome seg på beina att. Det var i januar at «lynet slo ned» som ho skildrar det sjølv. Ho fekk hjernebløding. No er det helsa som er viktigast. Dermed er det også slutt på ei 104 år lang butikkhistorie for broderi-, garn-, hatt- og bunadsbutikken «Signy Digernes» i Ørsta sentrum.

Heime på Digernes: 23. januar i år fekk Rigmor Digernes Furseth hjernebløding. No konsentrerer ho seg om å bli betre, og dermed vert «Signy Digernes»-butikken lagt ned.

Det var mora, Signy, som starta butikken i 1914. Her vaks Rigmor opp, blant fargerike garnnøste, korssting og broderi. Her sat ho på medisinkassa frå apoteket i Volda, då butikken også fungerte som «drogeri», og lærte seg å strikke med kyndig rettleiing frå damene i butikken. Her har ho sjølv gitt gode råd til små og store kundar. Alltid nærverande og glad for å hjelpe. I år fyller ho 78 år. Å pensjonere seg var aldri eit alternativ.

– Eg har likt å vere der, både for arbeidet sin del, men også for å møte folk og slå av ein prat. Det var ein sosial arena for meg. Det er ikkje berre enkelt å ta inn over seg at det er over.

«Bergensbarn»

Ho fylte fire år det året ho kom til Ørsta. 7. mai 1944 gjekk ei lyshåra jente av bussen i ei ukjent sunnmørsbygd, etter ei reise frå «storbyen» Bergen. I Ørsta venta ekteparet Signy og Rasmus Digernes på den vesle jenta. Her skulle ho vere heile sommaren, fri frå krigen og vanskelege kår i heimbyen. Det var full klaff.

Første dag i Ørsta: I Dogata i Ørsta sentrum. Rigmor Digernes Furseth i 1944. Bildet er teke den første dagen då Rigmor kom til Ørsta, truleg søndag 7. mai, då dei første «Bergensbarna» kom med buss til Ørsta. Foto: privat

Rigmor er eit «bergensbarn». Bergen vart råka hardt under krigen. Der var utrygt å bu, og angrepa frå lufta var mange. Ein stor eksplosjon i ammunisjonsskipet «Voorbode» frå Nederland la ein stor del av byen i ruinar. Heile landet samla seg for å hjelpe, og det var aksjonar for å samle inn både mat og kle til offera i Bergen.

Her budde også Rigmor saman med foreldra Ragnvald og Bergliot Wisnes og sine tre søsken. Foreldra tok ei avgjerd, og sende to av søskena av garde til høvesvis Sogn og Ørsta i regi av «Barnehjelpen» som tilbydde plass for evakuerte barn rundt om i landet, for ein periode.

Til Ørsta kom det 38 barn denne maidagen. Blant dei var vesle Rigmor. Signy og Rasmus hadde ikkje barn sjølve, og det vart raskt tette band mellom dei tre. Då hausten kom, følgde Signy og Rasmus Rigmor tilbake til Bergen for å sjå henne trygt heim til foreldra. Men etter mykje om og men vart dei samde om at Rigmor kunne få vere hos dei enno ei tid, og då krigen var slutt, vart ho verande. Seinare adopterte dei Rigmor.

Foreldra: Rigmor saman med far Rasmus og mor Signy Digernes. Dei adopterte Rigmor nokre år etter at ho kom til Ørsta frå Bergen som «Bergensbarn» under krigen. Men Rigmor har heile tida hatt god kontakt med si andre familie.

– Men eg har heile vegen hatt god kontakt både med foreldra mine i Bergen, då dei levde, og med søskena mine. Det er telefonsamtalar mest kvar dag, fortel Rigmor.

God oppvekst

Ho er glad for oppveksten ho fekk i Ørsta.

– Signy var ei myndig dame. Ho var real og rett fram. Ho var også den første kvinnelege medlemmen i formannskapet i Ørsta, og sat også i heradsstyret. Var det ting ho ikkje likte, då visste ho å seie ifrå. Ho kalla ein spade for ein spade.

Driftige Signy Digernes dreiv også butikken med same namn, som ho starta under 1. verdskrig, i 1914.

– Eg hadde ingen planar om å ta over. Men ho appellerte til dette, seier Rigmor, og tek seg til hjartet.

– Så eg tok over, i 1973, og har drive butikken sidan. Eg har aldri angra.

Den første tida butikken eksisterte, heldt han hus i «Eikenhuset», sidan i eit av husa i Svendsengarden. Men sidan Digerneshuset i Kyrkjegata vart bygd, i 1929/1930, har butikken halde hus her. Huset er særmerkt, med både tårn og karnapp, og det var far Rasmus som både teikna og bygde huset, etter inspirasjon frå åra han jobba som «carpenter» i Amerika.

– Det har vore fint å drive butikk i Ørsta. Du får ikkje same hjelp eller rettleiing om du berre handlar alt på Internett. Men det har vorte færre og færre grossistar også som leverer varer til oss. Så dette er kanskje ein kunnskap og eit fag som det ikkje lenger er like stort behov for. Det er sjølvsagt berre slik det er. Men eg har gjort mitt beste for å drive butikken på ein god måte.

Ørstabunaden

No vert butikken tømt for varer. Ein epoke er over. Restane vil Husfliden ta over. Dei har også lovd Rigmor at dei skal ta vel hand om Ørstabunaden, som «Signy Digernes» har hatt eineretten på å levere.

– Det var viktig for oss. At det vert teke hand om, seier ektemann Martin Furseth.

Han har sjølv teikna mønster på tallause bunader til ørstingar. Etter at Rigmor vart sjuk, fekk han ferdigstilt nokre, men på venteliste stod ytterlegare 30 personar.

– Men dei skal få dei også. Husfliden har lovt å levere, så alt er teke hand om, forsikrar han.

Ørstabunaden var ferdig utarbeidd i 1946–1947 av Nemnda for Ørstabunaden. Kunstmålar Karl Straume var med på arbeidet med å teikne ut rosene etter dei gamle mønstra. Men Husfliden ville ikkje produsere bunaden i si tid, då han ikkje hadde forkle. Dermed tok Signy Digernes ansvaret. Sidan har dette vore einaste staden å få tak i han.

– Men no er dette mange år sidan, og Husfliden er no velvillige og vil ta over. Det er vi glade for, seier Martin Furseth.