Slutt på 104 år gammal butikkhistorie

– Det er jo både dumt og vemodig. Eg ville halde fram som før, men det er ikkje mogleg. Så no er det slutt.

Butikken: Rigmor Digernes Furseth i butikken i 2012. Det vart aldri tid til å pensjonere seg. – Eg hadde ikkje lyst heller. Det var kjekt og sosialt å møte kundar og halde butikken i gang, fortel ho. Butikkdrifta har ho halde på med heilt til sjukdomen råka i januar i år. No vert butikken rydda og tømt. Ei 104 år gammal historie er slutt.   Foto: Ingvild Runde

Nyheiter

Rigmor Digernes Furseth sit heime i sofaen på garden på Digernes. Ektemannen Martin held eit godt tak rundt skuldrene hennar. Det siste halvåret har ho jobba hardt for å kome seg på beina att. Det var i januar at «lynet slo ned» som ho skildrar det sjølv. Ho fekk hjernebløding. No er det helsa som er viktigast. Dermed er det også slutt på ei 104 år lang butikkhistorie for broderi-, garn-, hatt- og bunadsbutikken «Signy Digernes» i Ørsta sentrum.