Mangelen på nedbør får konsekvensar for bøndene

Nær halvert grasavling

Rekordtidleg førsteslått og dårlege avlingar. Det er konsekvensen av mangelen på nedbør i mai.

2015 og 2018. Førsteslåtten har gitt langt mindre resultat i år, samanlikna med eit normalår. Årsaka er mangel på nedbør. 

I år har vi berre 60 prosent av avlingane samanlikna med eit normalår

Nyheiter

På Rise i Bondalen er grasavlingane nesten halvert.

– I år har vi berre 60 prosent av avlingane samanlikna med eit normalår, fortel Magne Riise.

Sått på rise: Årets grasavlingar i Ørsta er dårlege grunna mangelen på nedbør. Og talet på rundballar minkar.   Foto: Knut Riise

 

Han har notert ned volum på grasavlingane der dei slår, og Magne Riise og faren Knut må heilt tilbake til 1992 for å finne eit år med like dårlege avlingar som i år. I 1992 var det ifølgje Riise like tørt som i år.

Rise: Året er 2015, grasavlingane er normale og talet på rundballar er langt større enn i år.  Foto: knut riise

 

Mangelen på regn gjer at graset fleire stader også har byrja å visne og svi seg slik at veksten stoppar og kan gå tilbake. Difor har mange i Ørsta allereie starta på førsteslåtten for at verdien på avlingane ikkje skal verte dårlegare. Og førsteslåtten er rekordtidleg.

– Vanlegvis brukar vi å starte slåtten rundt jonsoktider, fortel Riise som registrerer at graset ikkje er så tett som normalt, som t.d. i mai i fjor. Då var det ein relativt utriveleg mai for dei som likar å sole seg.

Situasjonen er ikkje annleis på Vartdal.

Varierer

– Volumet på avlingane er ikkje så mykje å skryte av, men dette varierer frå område til område. Sjølv om avlingane er mindre kan likevel kvaliteten på graset vere bra, seier gardbrukar Petter Buset som også konstaterer at graset er svidd enkelte stader.

Også for han kom førsteslåtten rekordtidleg.

– Eg har aldri starta så tidleg før. Vi ligg kring fjorten dagar før tida, seier Buset.

Gardbrukar Geir Hole på Vartdal fortel at han ikkje er så utsett som mange andre gardbrukarar fordi han har så djup jord. Hole byrja å slå graset, fredag, og var spent på resultatet.

– Konsekvensen av den lange, tørre perioden er også at gjødsla ikkje har fått løyst seg opp skikkeleg, og såleis ikkje har fått tilført graset så mykje næring som normalt, seier Hole.

Han ser likevel ikkje så svart på situasjonen.

– Andreslåtten kan verte bra viss vi får lagleg ver, og då kan ein ta att det ein har mist, vurderer Hole.

Når førsteslåtten kjem rekordtidleg ser han heller ikkje bort frå at det kan verte ein tredjeslått denne sesongen.

Midt opp i pratet om sviktande grasavlingar avsluttar Magne Riise slik:

– Dette er prisen for at ørstingane får ligge og strekke seg på badestranda.