Mektig operapremiere

Stor jubel for Magnar Åm og Kimen

Magnar Åm sin nye opera Kimen fekk varm mottaking. Både publikum og dei 90 utøvarane var begeistra.

Louise Engeseth frå Volda var ein av solistane. I bakgrunnen songarar frå Volda Vokal og Ørstakoret.  Foto: Svein aam

Nyheiter

Operaen er bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas, og dette var urpremieren, med rundt 90 profesjonelle og amatørarpå scena. I tillegg har eit stort apparat vore i sving for å lage scene, lyd og kostymar.

Kimen- solistane   Foto: Svein Aam

 

–Eg er djupt bevega, som alltid med Magnar Åm sin musikk. Dette var sterkt, seier Bjørn Holum, som var mellom publikum i den fullsette Propellhallen i Volda.

Holum er songar sjølv, og dagleg leiar i Fosnavåg Konserthus.

–Kva synest du om Volda sitt nye operahus?

–Faktisk er eg litt misunneleg. Det gir noko ekstra når musikk vert framført i ein industrihall.


Audun Grimstad med rolle som "ein av suppefolket"  Foto: Svein Aam

 

Audun Grimstad er ein av amatørane som var på scena. Han syng i Volda Vokal, som deltok saman med Ørstakoret. I tillegg hadde han i lita solistrolle som «ein av suppefolket».

–Det har vore spennande, men krevjande. Det har vore tøft, men ei kjekk erfaring sjølv om det har gått med veldig mange timar til øving.

Gunnar Strøm syng og i Volda Vokal.

–Magnar Åm er utruleg flink til å dra med folk i lokalmiljøet, og dra oss opp, seier han.


Olbjørn Øyehaug etter premieren på Kimen  Foto: Svein Aam

 

Olbjørn Øyehaug var ein av deltakarane frå Ørstakoret.

–Det har vore krevjande, fordi det er vanskeleg, men fantastisk å få vere med på.Eg kjende det faktisk i ryggmargen, og det er det lenge sidan eg har gjort.

Magne Fremmerlid  Foto: Svein Aam

 

Magne Fremmerlid er ein av dei proffe medverkande. Bassrøysta frå Skodje er ei internasjonal operastjerne.

–Musikken til Magnar Åm er fantastisk. Eg meiner han er den finaste nolevande komponisten. Han har eit eige språk som går rett i hjartet. Premieren blei så bra som den kunne bli, og det er fantastisk at vi fekk fullt hus.

Kari Standal Pavelich i Opera Nordfjord spelte i orkesteret

–Det er flott musikk å få vere med å spele. Alle musikarane er begeistra.

–Har Opera Nordfjord fått ein konkurrent?

–Nei, vi samarbeider tett. Mellom anna har våre folk bygd scena på dugnad.

DirigentLars-Erik ter Jung og Kari Standal Pavelich  Foto: Svein Aam

 

Dirigent Lars-Erik ter Jung var letta og nøgd.

–Det har vore eit kjempeløft, og det gjekk bra. For meg er det ei fantastisk oppleving å få samarbeide med proffar og amatørar på denne måten.

Det var mange som ville takke Magnar Åm etter premieren. Ein av dei var Johannes Melle, som kunne fortelje at han har vore læraren til komponisten, då han budde i Ørsta.

–Dette var sterke saker. Det var sjelekval heile tida, frå drap til forsoning, og Magnar sin musikk som følgde heile tida.

Johannes Melle gratulerer Magnar Åm  Foto: Svein aam

 

Og kva seier komponisten sjølv?

–Eg er først og fremst overvelda av publikum sin reaksjon. Eg vart verkeleg rørt.


Kimen, med Magnar Åm som korist ( i midten)  Foto: Svein Aam

 

Han stod sjølv på scena, som ein av koristane.

–Det gjer det enklare. For då må eg konsentrere meg om det eg skal gjere, i staden for å sitje å tenkje på korleis det går med førestillinga.