- Glad for å bli sett pris på

Talenstipend til Jon Olav

Jon Olav Sandal får talentstipend frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Jon Olav Sandal saman med Lillian Foldal frå Sparebank1 Søre Sunnmøre. Talenstipendet er på 25.000 kroner pluss eit minnefat frå Ingeborg Rørvik Lejon.  Foto: Sparebank1 Søre Sunnmøre

Nyheiter

Jon Olav Sandal fekk stipendet, som er på 25.000 kroner, i samband med at han er her for å delta i Dei nynorske festspela.

– Dette var veldeg gledeleg, og blir ei god hjelp for meg. Ei sak er det økonomiske , i tillegg er det stas å få ei slik anerkjenning frå ein så viktig lokal aktør, seier Jon Olav Sandal.

Jon Olav ha hatt ein lysande utvikling og i vinter vann han talentkonkurransen Urørt på NRK P3.

– Dette heng høgt i nasjonal samanheng og det er ikkje alle store artistar i dag som kan vise til noko liknande. Målet til Jon Olav er å etablere seg som ein norsk artist. Dette krev hard jobbing over tid og den innsatsen som må til er han villig til å yte, skriv banken i grunngjevinga for talentstipendet.


Sandal er midt inne i eit stort musikkår:

Å vinne «Årets Urørt» vart eit tidsskilje for Jon Olav Sandal

– Eit stort løft for meg, på vegen fram mot ei artistkarriere til å leve av, seier han.

 

Jon Olav Sandal spelte på Rokken i Volda torsdag, og han skal spele i Stryn fredag.

– Det var veldig gøy på Rokken og vi storkosa oss. Det kune nok vore meir folk, men eg trur dei fleste studentane har reist. Likevel var det god stemning, seier Jon Olav Sandal.

Han ghar han travel sommar framfor seg, og det er han glad for.

– Det er spennande tider, seier barstavikaraen, som no bur i Oslo.

Formålet med stipendet er at det skal bidra til at unge talentfulle personar skal få høve til å vidareutvikle talentet sitt. Det er også eit mål at stipendmottakarane skal vere med på å utvikle  kulturlivet innan sitt område i regionen og også vere gode representantar utanfor regionen.

–SpareBank 1 Søre Sunnmøre håper at stipendet kan vere med på å motivere Jon Olav til å nå sine mål i musikkbransjen, seier banksjef Vidar Egset.