Går tre gonger dagleg mellom Ålesund og Øye

Pangstart for fjordbåten

Allereie ei veke etter starten ser den nye båtruta mellom Ålesund og Øye ut til å verte ein stor suksess.

the fjords: Tre gonger dagleg kan folk ta hurtigbåten M/S Fjord Molde frå Øye til Ålesund. Båten går også innom Trandal og Urke etter behov. Foto: ELIN RAUDØY  Foto: elin raudøy

Neste år kan sesongen verte utvida

Rolf Sandvik

Nøgd: Rolf Sandvik er svært begeistra for oppslutnaden kring den nye båtruta.  Foto: elin raudøy

Nyheiter

Held gode passasjertal fram, vert neste sesong utvida. Og det kan også verte aktuelt med ein meir miljøvenleg og moderne hurtigbåt.

Det opplyser administrerande direktør Rolf Sandvik i The Fjords. Han er svært begeistra for oppslutnaden om den nye båtruta på Hjørundfjorden som har tre daglege avgangar frå Øye, klokka 11.30, 14.45 og kl. 18.

– Oppslutnaden har vore veldig bra, og så langt er vi svært nøgde med interessa og passasjertal, ja, eg er overraska over den store interessa, fortel Sandvik.

Det er berre ei veke sidan den nye båtruta vart starta opp. Den nye båtruta har tre daglege avgangar mellom Ålesund og Øye i perioden 1. juni til 31. august. Båten stoppar også ved Urke og Trandal ved behov.

– Det er utruleg moro å knyte seg til Trandal og Urke. Desse små skjulte perlene gir ein tilleggsverdi, meiner Fjords-direktøren.

Flest frå Ålesund

Førebels er det flest passasjerar som går på båten i Ålesund. Dette meiner Rolf Sandvik er naturleg ut ifrå befolkningsgrunnlaget. Passasjerane går ikkje i land berre på Øye, ein del går i land også på Trandal og Urke.

– Eg trur folk i Hjørundfjorden og Ørsta har oppdaga tilbodet, for dei har også teke imot tilbodet på ein forbløffande god måte der vi er eit supplement til dei andre opplevingstilboda i Hjørundfjorden, seier Sandvik.

I samarbeid med Fram korresponderer båten med busstilbod frå Øye til Hellesylt, og vidare med ferjesambandet til Geiranger. Dette er ein del av satsinga på rundturar for turistar med kollektivtransport.

– Vi skulle gjerne sett at endå fleire tek bussen gjennom fantastiske Norangdalen til Geiranger og visa versa. Men det tek tid å innarbeide nye ruter, og det er ein liten jobb å gjere med å marknadsføre Ålesund via Geiranger. Ved å ta hurtigbåten til Øye frå Ålesund, vil bubilturistane sleppe å ta med bilen til Geiranger, noko som vil vere positivt, meiner Sandvik.

Det er selskapet The Fjords, eigd av Flåm AS og Fjord1 AS, som står bak hurtigbåtruta. Marknadsføringa av den nye båtruta held fram, og The Fjords har hatt eit salskorps i Ålesund for å løfte fram den nye båtruta. Dei fekk seg ei aha-oppleving.

– Dei kom att til Flåm med tårer i auga etter å ha oppdaga ein endå vakrare fjord, smiler The Fjords-direktøren.

Vert denne testsesongen ein suksess, vert ruta neste år utvida.

September

– Då tek vi med også mai og september, i tillegg til dei tre sommarmånadene. Berre til Urke ser vi eit stort potensial for ruta i samband med dei mange som går i fjellet i dette området. Vi har også eit mål om å satse på nyare båtar med reinare teknologi og meir miljøvenlege løysingar. Men alt dette er avhengig at vi får dei inntektene vi må ha for å satse vidare. Og då er det også svært viktig at lokalbefolkninga støttar opp om båtruta og tilrår ruta til andre. For dette er ei båtrute for folk flest der billettprisen ikkje tek nattesøvnen frå nokon, ifølgje Fjords-sjefen.

– Vi driv kommersielt utan fylkeskommunal støtte, men er likevel svært konkurransedyktige, og har ein betydeleg lågare pris enn tilsvarande ruter. Det er nettopp difor vi er avhengig av store passasjervolum, forklarar Rolf Sandvik.

Han konstaterer at det er fleire aktørar på Hjørundfjorden som kjempar om turistar og andre.

– Det er flott, konkurranse er skjerpande, meiner administrerande direktør Rolf Sandvik i The Fjords.