Kommunalt kjøp kan bli løysinga for Sanitetshuset

Sal av Sanitetshuset til kommunen seglar opp som eit alternativ etter dommen i tingretten.

Pleieheimen: Sanitetshuset, kjent som Pleieheimen, er til sals, etter at Tingretten har sagt at Tomteservice hadde rett til å trekkje seg frå kjøpet. Avtalt pris var 4,9 millionar, medan taksten var tre millionar.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Kommunen si rolle stod sentralt i rettssaka, som vart reist av sanitetslaget etter at Tomteservice trekte bodet på Sanitetshuset. I eit brev kommunen sende til eigedomsmeklaren 26. april gjer kommunen det klart at det er på tale med plassering av eit nytt hovudreinseanlegg i området. Kommunen skriv at ordføraren hadde spurt om det var mogeleg å kjøpe eigedomen, men fekk til svar at Sanitetslaget hadde inngått kontrakt om salsformidling.