Korleis er kvardagen din?

På dagtid er eg på skule, men på fritida driv eg med mykje forskjellig. Eg går mellom anna på ballettskulen, og spelar piano på kulturskulen. Elles er eg glad i å vere med vener, og så er eg også veldig glad i å berre vere heime.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Eg har kanskje ikkje nokre spesielle saker som opptek meg, men eg har brukt mykje tid i det siste på øving til balletshow på kulturhuset, og så har det gått mykje tid til å førebu konfirmasjonen min.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Her er veldig fint, og så er eg veldig glad i folka som er her. Det er veldig hyggelege menneske i Ørsta. Tidlegare budde eg på Ås, og det var også bra. Vi flytta då eg var ni år, og eigentleg var eg litt glad for det, fordi det var veldig spennande. Eg har likt meg godt i Ørsta heile tida.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Eg saknar eigentleg ikkje så mykje, men kanskje vi kunne hatt fleire stader for barn og ungdom å vere, utan at det er nødvendig å vere gjennom eit lag eller ein organisasjon, berre fleire uformelle møtepunkt for ungdom.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Eg ville prøvd å finne på fleire tiltak for å halde måsane unna folk i sentrum. Og så trur eg at eg ville ha støtta ballettskulen med meir pengar. Ballettskulen fortener det, for dei gjer ein utruleg god jobb for dei mange hundre barn og unge frå Ørsta og Volda som er elevar der.

Kven fortener ein blomebukett?

Ballettlæraren min Analu Zidko. Ho er læraren til svært mange i ballettskulen, og ho gjer ein veldig god jobb. Ho er ny i Ørsta og kjem frå Portugal, men har allereie lært seg mykje norsk, og er veldig flink til å rose og støtte oss elevane.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

«Sol heile året!» Eg er veldig, veldig glad i sommaren.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Eg held jo framleis på å vekse opp, men førebels høgdepunkt er då veslebror min vart fødd. Eg har ei veslesyster også, men det hugsar eg ikkje så mykje frå. Men eg gleda meg veldig til å få ein veslebror, og eg var veldig stolt av han då han kom!

Kva får deg til å le?

All slags dårleg humor. Og kattevideoar som pappa viser meg frå YouTube. Og av små uhell og komiske situasjonar som det er lov å le av i ettertid.

Kva er ditt favorittmåltid?

Der er eg kanskje litt kjedeleg, men eg må seie fredagstaco. Eg vert aldri lei, uansett kor ofte eg et det. Og det må vere med guacamole.