Rotlaus-sjefen tilbake på vegen etter smellen

Utselde konsertar over alt. Lange reiser og lite søvn. Til slutt sa det stopp for Rotlaus-sjef Bjørn Marius Øyehaug.

Tilbake: Herr Rotlaus personleg, Bjørn Marius Øyehaug (30) , er tilbake for fullt etter at han måtte ta ein timeout frå bandet.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Trettiåringen byr på nytrakta kaffi frå Rotlaus sin base i Trico-bygget i Strandgata i Ørsta. Her møtest dei, her øver dei – og her legg Bjørn Marius Øyehaug seg av og til på ei seng i eit hjørne når ryggen krev det.