– Tømmerkaia er viktig for skogbruksnæringa i Ørsta og Volda. Men ikkje berre det. Ho er viktig for heile landet, for skognæringa er noko vi skal leve av i åra framover.

Det sa mat- og landbruksminister Jon Georg Dale då han opna tømmerkaia i Ørsta måndag ettermiddag.

Mat- og landbruksministeren kom i eins ærend til Rystelandet for å opne tømmerkaia, som er ein del av Ørstaterminalen.

For to år sidan kunngjorde Dale at Landbruksdepartementet løyvde 12,5 kommunar til tiltaket, og då Ørsta kommune kom på bana med ti millionar kroner, var realiseringa av kaia til 22,5 millionar kroner eit faktum.

160 meter kai

I alt får Ørstaterminalen ei kai med ei total kailengd på 160 meter. Den nye delen er 85 meter.

Det er Vik Ørsta som driftar Ørstaterminalen, men skogeigarlaget vil ha fortrinnsrett på den delen av kaia som er definert som tømmerkai.

PEAB Nordang har hatt hovudentreprisen på utbygginga av tømmerkaia, og Volda Maskin AS har også involvert i arbeidet.

Den nye tømmerkaia er bygt på pålar. I alt 36 pålar, med tolv pålar på tre rekkjer, er hamra ned mot fjellet, slik at kaia står på stabil grunn.

For mat- og landbruksminister Dale handlar tømmerkaia på Rystelandet om utbygging av ein naudsynt infrastruktur for skognæringa.

– Det er viktig at vi tek denne utbygginga no. Spesielt gjeld dette for kystskogbruket, der store verdiar skog er klar til hogging. Men næringa har store logistikkutfordringar, og det er kostnadsdrivande, forklarer Dale.

Han peikar på at eit godt nett av tømmerkaier vil medverke til å gjere skognæringa meir effektiv.

– Vil vil bruke tre til fire år på å få bygt ut kainettet, sa Dale.

Han peikte dessutan på at det er gjort investeringar i stamvegnettet som gjer at desse er klassifiserte for å tole akseltrykket til tømmerbilane.

– Og vi har fått bygt skogsvegar, slik at avverkinga vert enklare, sa Dale.

Han utfordrar dessutan kommunane.

– Det som står att er å få rusta opp det kommunale vegnettet til å få ut tømmeret til anna vegnett og til kaiene, sa Dalene.

Grønt skifte

Mat- og landbruksministeren ser føre seg at skognæringa vert ei avgjerande næring for distrikta dei komande tiåra.

– Næringa er viktig med tanke på det grøne skiftet vi er inne i. Vi har ei omdreiing i norsk økonomi, der vi skal ha ei grøn verdiskaping, og der høyrer skogen med, sa Dale.

Leiar i skogeigarlaget i Ørsta og Volda, Olav Aambøe, var også med på opninga. Han takka Landbruksdepartementet for å ha satsa på skogen, og spesielt statsråd Jon Georg Dale.

– Skogen har ingen verdi viss vi ikkje får han ut, sa Aambøe. Han var også oppteken av at skogeigarane lokalt ikkje tek ut meir skog enn naudsynt.

– Det går ut over prisen, og vi må ikkje ta ut skog som enno veks, oppmoda Aambøe.

Til liks med fleire som var til stades under opninga, insisterte Aambøe også på at det må nyplanting til når skogen no byrjar å verte avverke, og inviterte Dale til å verte med på forskingsprosjektet der tiltak mot snytebilla skal sjekkast ut.

Ein av dei som har vore ivrig etter å få bygt ut eit nett av tømmerkaier, er Helge Kårstad i Kystskogbruket.

– Og denne kaia i Ørsta er spesiell. Ho kjem i den kommunen der Hans Berg laga den fyrste skogreisingsplanen, og det er skogen frå denne skogreisingsplanen som no er klar til å verte skipa ut, sa Kårstad.