Tora fortel at fotball eigentleg alltid har vore ein del av livet hennar.

– Eg byrja å spele på grunn av pappa og brørne mine, og sidan har eg eigentleg berre halde fram.

No trenar ho med G16 laget i Ørsta, og av og til med Fortuna i Ålesund. Kvar veke har ho minst fem fotballtreningar i tillegg til eigentrening og kampar.

– Korleis vert ein god i fotball?

– Eg meiner at dersom ein trenar mykje, og verkeleg går inn for å bli god, kan ein klare det aller meste ein prøver på. Men ein må ville det nok. For meg har fotball alltid vore noko eg har hatt lyst til å spele og bli betre på, og det har aldri vore at eg må, men at eg vil det.

Tora fortel at ho som oftast gler seg til trening, men innrømmer og at dersom ho er veldig sliten ein dag, kan det vere vanskeleg å komme seg av garde.

– Vil du satse på fotball?

– Ja, svarer ho med ein gang.

– Det vil eg.

Fleire interesser

Men ho seier og at det kan vere vanskeleg å satse på ein liten stad som Ørsta, der dei andre kanskje ikkje vil noko like mykje som ein sjølv gjer. Då må ein anten flyttast høgare opp i systemet i sin eigen klubb, eller hospitere i større klubbar, og det er ikkje berre positivt. Det kan innebere mykje reising, i alle fall for Tora, der Ålesund er næraste moglegheit.

Sjølv om Tora legg såpass mykje tid i fotballen, har ho andre interesser, blant anna musikk. Ho likar godt å synge og lære seg songar på piano. Med alle desse interessene, i tillegg til skule, vener og fritid kan ein jo lure på korleis ho får tid til alt, men Tora har eit svar på det òg.

– Det har ikkje vore så vanskeleg. Lekser og skulearbeid lagar eg meg tid til før og etter treningane, og på dagar eg ikkje har trening er eg med vener eller slappar av. Sjølv om eg har tid til det meste, går fotballen så klart ut over nokre ting. Eg har til dømes ikkje like mykje fritid som eg ville hatt dersom eg ikkje gjekk på noko. Men eg elskar fotball og vil bruke tida mi på det, så då går det fint.

– Kven er førebiletet ditt?

– Eg har ikkje eitt bestemt førebilete, men eg ser opp til alle som klarar å oppnå noko spesielt, for eksempel innan fotball.

Landslaget

No som sommaren nærmar seg vert det likevel ikkje fri frå fotballen for Tora.

– I år skal eg ikkje på cup, som eg har vore dei fem siste åra, men eg skal på landslagssamling og toppveke i Arna-Bjørnar.

Elles vert det vanleg trening og eigentrening medan ho er heime, men sikkert ikkje like mykje sidan mange er bortreist.

Tora fortel at då ho fekk vite at ho fekk vere med på J15 landslaget vart ho heilt sjokkert.

– Ei venninne kom springande inn i klasserommet og fortalde meg det. Eg vart så overraska og glad at eg ikkje fekk ut eit ord. Etterpå fekk eg ringe mamma og pappa og fortelje dei det.

Landslagssamlinga vert fem dagar i Stavanger for dei aller beste i landet. Dagane vil bli fylt med mykje trening og eit par kampar.

– Kvar ser du deg sjølv om 10 år?

– Kor gammal er eg då? 25? Eg håper at eg då vil vere på eit toppserielag eller kanskje betre.

– Kva motiverer deg?

– Det må vere alle uttaka som vert gjort, for eksempel til landslaget som eg fekk vere ein del av no, og ikkje minst den meistringskjensla eg får av å få til noko bra.

To kjappe

– Kva er tre ting du ville tatt med deg på ei aude øy?

– Telefon til å ringe, eller det er kanskje ikkje dekning der, så eg hadde tatt med ein naudrakett i staden for telefon. Eg ville òg tatt med Thor Heyerdahl så han kunne ha bygd ein flåte til meg, og ein kniv til flåtebygginga.

– Tre armar eller tre bein?

– Tre bein, tenk å ha ein ekstra for å spele fotball med. Eller vert det vanskeleg å gå då? Eg trur eg hadde valt tre armar, for armane bruker vi til alt.