Med tonar frå store namn som Benny Goodman og Frank Sinatra, var det mange som tok seg ei pause i handlinga for å høyre på.

Med 27 medlemmer, frå 10 til 84 år, kunne Follestaddalen Hornmusikk by på eit variert program med både tango og swing. Dirigent Tore Thon synast det alltid er kjekt å spele i gågata, og med lett populærmusikk frå det siste hundreåret og strålande sol, var det få ledige plassar i parken utanfor Fru Svendsen.

– Vi set umåteleg pris på at folk stiller opp og kjem å høyrer på oss. Vi har det uansett kjekt saman, men kjem det folk å høyrer på og har det kjekt saman med oss, har vi ein god dag. Det er alltid kjekt å spele i gågata.

Follestaddalen Hornmusikk har også ein tradisjonsrik konsert på hausten, og i år er datoen 18. november, i Follestaddalen samfunnshus.