Korleis er kvardagen din?

Dagane mine startar alltid med ein gåtur frå Sætre til sentrum, uansett vêr. Men elles er jobben min veldig variert og eg veit aldri heilt korleis dagen min kjem til å verte. Ein vanleg dag kan vere alt frå vanleg kontorarbeid til å møte alle slags menneske. På kvelden er sofakroken med handarbeid veldig godt.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Eg har fylgt med ganske mykje på opptakta til avstemminga i Irland om abortlova. Dette er ei vanskeleg, smertefull og utfordrande sak, der vi lett overser at det vesle mennesket i mamma sin mage er den svakaste parten.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Det må vere den fantastiske naturen her. Her er det mange moglegheiter for å nyte dei små detaljane i naturen både med og utan kamera.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Det måtte ha vore litt høgare badetemperatur, men det er vel litt verre å få til. Elles har vi det meste.

Kva ville du gjere dersom du fekk vere ordførar i ei veke?

Då ville eg ha funne ei betre løysing for kollektiv trafikk nærare flyplassen. Då eg pendla mellom Oslo og Ørsta, gjekk eg ofte frå flyplassen til sentrum med koffert på hjul, sidan busstidene passa så dårleg. Eg ville og ha lagt til rette noko uteareal i sentrum slik at born kan leike der. Vi kunne ha gjort noko på marka mellom frikyrkja og Kiwi.

Kven fortener ein blomebukett?

Alle dei som gjer frivillig arbeid i frikyrkja fortener absolutt ein bukett, for utan dei hadde eg ikkje hatt nokon jobb. Eg ville òg ha gitt ein til Kirkens SOS, som alltid er tilgjengelege for folk som treng nokon å prate med.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

IMPULS i Ørsta. 200 ungdommar samla til kristen ungdomsfestival.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Noko eg i alle fall hugsar godt var då vi hadde fått nye soveposar og skulle teste dei ute. Vi la oss til å sove under epletrea i hagen, men vart vekte av regn midt på natta og måtte gå inn att.

Kva får deg til å le?

Kvardagshumor og gamle revysketsjar. Eg har samla på lydopptak av slike i mange år.

Kva er ditt favorittmåltid?

Det må vere perfekt tillaga og mørt lammekjøtt, i norsk eller gresk drakt. Dessert er viktig, og kombinasjonen av mørk sjokoladekake og fersk mango er ein fulltreffar.