Det seier lensmann Guttorm Hagen i ein kommentar til nattebråket i Ørsta sentrum.

Han fortel at politiet har vore til stades, og fått avskilta køyretøy det har vore manglar på.

– Vi har også gjeve førarar korreksjon, seier Hagen.

Han fortel at politiet grunna bråket er meir til stades i Ørsta enn dei andre bygdebyane i dekningsområdet til politiet lokalt.

– Det er også viktig at vi får inn meldingar når hendingane skjer, og at det då vert ringt til operasjonssentralen i Ålesund, seier Hagen. Han vedgår at politiet kan ha kapasitetsproblem, då patruljen har eit stort område å dekkje.

Han meiner uansett at det viktigaste tiltaket er å skape eit sentrum som hindrar høg fart.

– I forslaget til ny sentrumsplan, er det foreslått stenging av Webjørn Svendsen-gata i aust. Det er eit forslag politiet støttar. Men det er ikkje nok. Ørsta kommune må sjå til nabokommunane, der det vert bygt miljøgater. Det må også skje i Ørsta. I desse gatene er det fysiske tiltak som hindrar mykje av den typen køyring som skjer no, seier lensmannen.

Han peikar på at det tidlegare var fartshumpar i Webjørn Svendsen-gata, men at desse er fjerna no. Desse ynskjer Hagen tilbake.

– Mange av tiltaka må takast steg for steg, for målet til alle må vere å få til eit buvennleg sentrum, seier Hagen.