Olav Rune hadde ikkje venta å ta sigeren i gateløpet under Sunnmørstreffet laurdag. Han vann etter smart køyring.

– Nei, dette hadde eg ikkje venta. Men det er veldig kjekt å få det til, seier Olav Rune, som representerer AMCAR Ørsta/Volda.

Det vart ein fartsfest utan like på Mosflata. Kring tjue bilar stilte til start. Dei fleste var amerikanarar, men også europeisk- og asiaproduserte bilar var med på fartsleiken.

Utslagsrundar

Etter tre prøverundar, med mykje støy, røyk og action, var det klart for utslagsrundane.

Og det vart ein konkurranse full av dramatikk. Favorittar tjuvstarta, andre fekk motortrøbbel og stod att på start.

Olav Rune var sikker heile vegen.

– Eg visste eg ikkje hadde den raskaste bilen. Då er det om å gjere å få til ein god start. Får du til starten, er mykje vunne, fortel han.

Og det var det som skjedde i finalen, der han køyrde mot Terje Kvien. Kvien hadde imponert tidlegare med høgaste toppfart. Han nådde over 132 km/t på den om lag hundre meter lange strekninga.

Men Kvien hadde hatt motortrøbbel, og stod mellom anna att på startstreken i semifinalen. Heldigvis for han var det tjuvstart på motstandaren.

I finalen fekk Olav Rune Aaslid den beste starten, og han akselererte frå Kvien. Det var aldri tvil om at Olav Rune skulle kome fyrst til mål.

Mykje mekking

– Dette var utruleg gøy. Eg har ikkje trent så mykje for streetrace, men til gjengjeld vert det mykje mekking for å ha bilen best mogleg førebudd, seier Olav Rune.

Arrangementet på Mosflata vart ein publikumsfest. Det gjorde ingenting at tunge investeringar som Amcar-klubben har teke siste året, som nye lystavler for publikum, ikkje fungerte heilt.

Stort publikum

Om lag tusen gledde seg stort i solsteiken, og arrangørane har vore dyktige i å få laga til eit område som passar godt til eit slik arrangement. Både førarar og publikum fann seg godt til rette på Mosflatevegen ved Fora-form-bygningen.