Den som  skal betale bompengar til Sledalsvegen i Skjåstaddalen møtet uventa vanskar. Postkassa der ein vanlegvis legg konvolutten med pengar er nemleg okkupert av ei kjøtmeis.

Kassa er fyllt opp av reirmateriale og kjøtmeismor eller kjøtmeisfar ligg og rugar på egga.

Dei har tydlegvis ikkje lært seg skilnaden på ei postkasse og ei fuglekasse.