Det seier Lars Oscar Fossen Øvstegård. For nokre år sidan tok han initiativ til det som vart ein svært omfattande dugnad for Ørsta sentrum, for å få eit skjemmande sentrum til å verte fint. Resultatet imponerte mange. Øvstegård klarte å få kommunen, huseigarar og den jamne ørsting til å vakne, og bidra for at sentrum til slutt stod fram i heilt ny drakt.

Uroa

I dag, vel fire år seinare, er Fossen uroa over korleis delar av dei kommunane områda i Ørsta sentrum ser ut. Han siktar spesielt til området den gamle haldeplassen.

– Årsaka til uroa mi er mangel på stell, reinhald og vedlikehald. Område vert ikkje kosta og rydda skikkeleg, ugras får vekse fritt, der er støvete og skitne bosdunkar som aldri har vore vaska, og like skitne busskur med måseskit vert ikkje vaska. Torg har knuste og skjemmande pyntelys og parkeringsareal vert ikkje kosta og rydda. Resultatet er at «nye» Ørsta sentrum igjen er i ferd med å falme, seier Øvstegård.

Ikkje kritikk

Han vil på ingen måte kritisere folk i kommunen sin parketat som har ansvar for stell av uteområda.

– Eg veit at dei, med fantastiske kommunegartnar Olav Saure i spissen, har så mykje å gjere at dei rett og slett ikkje rekk over alt, og ikkje klarer å utføre dei oppgåvene dei burde. Difor handlar dette om eit ressursproblem, hevdar Øvstegård.

Han har orientert seg om ressursbruken til parketatane i andre kommunar.

– Det viser seg at andre kommunar i nærleiken har større budsjett enn Ørsta kommune som også krev eigedomsskatt av innbyggjarane. Eg synest det er rett og rimeleg at ein del av dei mange millionane kommunen får frå innbyggjarane i form av denne skatten vert nytta slik at vi til ei kvar tid kan ha eit skinande sentrum alle er nøgde med, og som kan bidra til at kommunen framleis vert attraktiv, seier Øvstegård.

Vik Ørsta har bidrege mykje for å gjere sentrum finare, og ifølgje Øvstegård har dei vore svært rause i samband med leveransar av m.a. busskur og rekkverk. Den siste gunstige leveransen galdt autovernet på Nekken som vart skifta ut til kommunal standard etter feilleveranse.

Respekt

– Vik Ørsta fortener at det vert vist respekt for produkta dei har levert, og at desse vert både vaska og vedlikehaldne. I dag framstår området rundt den gamle haldeplassen diverre ikkje som presentabelt, og det er sterkt beklageleg, synest Lars Oscar Fossen Øvstegård.

Han meiner også næringsaktørar som har gitt løyve til kven som helst å bruke parkeringsplassane deira i sentrum fortener meir respekt.

– Både Roar Eiken og Ivar Aambakk, som eig område ved Ørsta Fisk, har stilt til saman tretti parkeringsplassar til disposisjon. I avtalen som vart inngått med kommunen var det eit vilkår at kommunen skulle ha vedlikehald på parkeringsplassane. Men avtalane vert diverre ikkje haldne, hevdar Øvstegård.

Han fortel at mange kontaktar han om situasjonen i sentrum, og mangelen på stell og vedlikehald.

Eilev Mo, som er lokalisert med bedrift i Ørsta sentrum, stadfestar Lars Oscar Fossen Øvstegård sine inntrykk.

– Alt flyt i sentrum no, og oppkast frå i fjor ligg der enno. Situasjonen er greinalaus og mange pratar om det. Det må vere nokon på rådhuset som har på handbrekket. Viss ressursmangelen er der, kvifor vert då ikkje frivilligsentralen og Småjobbsentralen kopla inn? Når folk seier at sentrum er ein skamplett, vi ein ta det på alvor! Oppmodar Mo.

Ordførar Stein Aam seier han kjenner problemstillinga med ressursmangel i parketaten.

– Det er nok slik at enkelte uteareal ikkje vert teke i vare godt nok fordi parketaten sine folk ikkje rekk over alt. Viss vi ønskjer tiltalande og flotte sentrum, sjølvsagt også på bygdene, så må det satsast. Eg vil ta ein runde med administrasjonen om problemstillinga, seier Aam.

Han viser også til dei store utbyggingsprosjekta som har vore i Ørsta siste åra, både skulebygg, legesenter og no sist fleirbrukshallen.

– I samband med slike satsingar er det viktig å vere medviten det nødvendige med nok midlar til uteareal. Her har vi nok ein del å gå på, vurderer ordføraren.

mangel på stell: Ugraset veks høgt mange stader på den gamle haldeplassen. Foto: Roy-Arne Folkestad
Bos: – Kva hygienekrav har kommunen når dei ikkje vaskar bosdunkane, spør Øvstegård. Foto: Roy-Arne Folkestad
Busskur: Det var her sentrumsdugnaden starta. Ifølgje Lars Oscar Fossen Øvstegård har det nye busskuret aldri vorte vaska. – Støv og skit pregar skuret, og ute veks ugraset vilt, seier han. Foto: Roy-Arne Folkestad
Knust: Fleire av pyntelampene på torget er øydelagde. Foto: Roy-Arne Folkestad