Kommunestyret seier samrøystes at det må opprettast daglege avgangar mellom Hovden og Trondheim. Det skjer i samband med høyringa for det komande tilbodsopplegget for kortbanenettet.

Samstundes ber kommunestyret om ein ekstra avgang til Bergen, og at ruta Hovden–Oslo igjen kjem under tilbodssystemet. No er denne ruta utan statleg støtte.