Ørsta kommune skal gjennomføre tiltak som betrar inneklimaet på Sæbø skule. Det er snakk om ei mellombels løysing.

Det er Arbeidstilsynet som gjennom eit tilsyn avdekte dårleg inneklima ved Sæbø skule. Tilsynet kom med pålegg om utbetringar.

Ørsta kommune informerer Arbeidstilsynet no om at det vil verte gjennomført mellombelse tiltak. Dette gjeld tre klasserom og eitt naturfagrom. Det var desse romma det særleg vart påpeikt manglar ved.

Kommunen har bestemt seg for desse tiltaka i samråd med rektor og verneombodet ved Sæbø skule.

– Det er i 2018 sett av midlar til utgreiingar, forprosjekt og gjennomføring av tiltak for Sæbø skule der mandatet er å utarbeide prosjekt som lukkar alle avvik, heiter det i svaret frå kommunen til Arbeidstilsynet.