Frå å vere ingen faste tilsette i 2014, har kontoret i Ørsta no tre faste arbeidsplassar. Tidlegare var området dekt opp av kontoret i Ålesund, men auka oppdragsmengde har vist at det er behov for kontoret i Ørsta.

– Vi opplever det slik at det både er ønske, behov og marknad for eit kontor i Ørsta. Tidlegare var vi eit satellittkontor, der tilsette frå andre kontor i fylket kunne kome innom ved behov. No er vi tre fast tilsette her, og det meiner vi er både bra og rett, seier senioradvokat Espen Rekkedal.

Advokat Roberto Bjøringsøy frå Herøy er ny på laget. I tillegg jobbar advokat Cathrin Lid Heilund ved kontoret.

Bjøringsøy har om lag 10 års erfaring som jurist, som dommarfullmektig, dommar, og advokat. Han har mellom anna jobba fleire år i landbruksdirektoratet.

– Kjernekompetansen min ligg i tvisteløysning og på fast eigedom, særleg landbruksrelaterte saker, fortel han.

– Det er difor ikkje tilfeldig at Bjøringsøy har fått jobb hos oss, seier Rekkedal.

– Om talet på bønder går ned, så er det likevel stort behov for kompetent rådgiving. Det er store omveltingar i landbruket, både når det gjeld generasjonsskifte, oreigning, og forvalting av store eigedomar.

At Bjøringsøy er frå området, og kjenner kulturen godt, spelte også inn.

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz har kontor både i Ålesund, Molde og Kristiansund, i tillegg til Ørsta, og dei tel rundt 40 tilsette, blant dei, rundt 30 advokatar.

– Til saman sit vi på mykje erfaring og kompetanse og vi kan påta oss stort sett alle type saker. Det er slik at vi kan ta imot folk på kontoret i Ørsta, og om saka gjeld ting vi veit andre har betre kompetanse på, ordnar vi med advokat frå eitt av dei andre kontora. Her skal alle få god og rett hjelp.

Espen Rekkedal jobbar mest med saker som gjeld erstatning, forsikring og personskade. Cathrin Lid Heilund er fast bistandsadvokat, jobbar med økonomiske oppgjer, t.d. ved samlivsbrot, og har også rolle som bustyrar.

Eit mål med å utvide staben i Ørsta, er også for å kunne ha moglegheit til å møte fleire.

– Det er stor opning for å bruke oss advokatane meir til rådgjeving. Særleg frå næringslivet. Med god rådgjeving kan det vere mogleg å unngå vanskelege tvistesaker, seier dei, og oppmodar folk om å ta kontakt.