Helsa Elling Dybdal, styreleiar i Mellestiftinga Svendsengarden då Svendsenhagen offisielt vart opna laurdag.

Om lag 200 hadde samle seg til opninga av det nye praktanlegget i Svendsengardeni Vikegata. Svendsenhagen er det fyrste konkrete tiltaket som har vorte realisert etter den europeiske arkitektkonkurranse Europan. Der vann det danske firmaet FELT tevlinga, og det er deira idear som no har materialisert seg i Svendsenhagen.

– For oss i Svendsengarden var det viktig å kome med i ein tidleg fase. Vi var litt uroa over at hagen ville verte eit framandelement i tilknyting til det 151 vår gamle byget somSvendsengarden er. Men resultatet er ganske flott, sa Dybdal.

Realiseringa av Svendsenhagen er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og Møre og Romsdal fylkeskommune, og der Sparebanken Møre har vore ein avgjerande bidragsytar for å få tiltaket finansiert., Under opninga overrekte banksjef Line Wiik Bjerknes ein sjekk på 450.000 kroner til prosjektet.

Frå fylkeskommunen møtte tettstadskonsulent Arne Dag Gjerde. Han har vore sentral i planarbeidet og realiseringa av prosjektet.

– Opninga av Svendsenhagen er avslutninga av Europan-prosjektet, og det er starten på å setje i verk nye tiltak for å gjere Ørsta sentrum attraktiv. Det er viktig å halde fast på rammene som Europan har gjeve oss, og utvikle Ørsta vidare i takt med desse rammene, sa Gjerde.

Avdelingsleiar Gunnar Wangen har vore pådrivar frå kommune si side, og han takka alle aktørane som har vore med, som fylkeskommunen, Sparebanken Møre og hovudentreprenør KA Aurstad med underentreprenør Sandal.

– No set vi gang fleire prosjekt, og der fylkeskommunen og kommunen vil vere i tett samarbeid, Men ikkje minst er det viktig å få med andre bidragsytarar, for dette arbeidet er eit spleiselag, sa Wangen.

Det var ordførar Stein Aam som klipte snora for anlegget, og han la vekt på at Ørsta er inne i ei rivande utvikling for tida.

– Og så berga vi Odinhjørnet, sa Aam, til applaus frå publikum.

Fleire underhaldningskrefter var til stades, som kulturskulen, Kyrre Grimstad og Kjell Rune Klubbenes og Ørsta hornmusikk.