Ein periode har det vore meir eller mindre stille rundt flyktning- og asylproblematikken. Kanskje er det i stille periodar vi bør våge å diskutere dagens norske flyktningeregime utan at partane straks tek til skyttargravene og alt låser seg langs dei velkjende skiljelinene.

Asyladvokat Arild Humlen hevda for ei tid tilbake at politikken må fjernast frå asylpolitikken slik at berre jussen vert tilbake.

Humlen hevda med styrke at «asylspørsmål er det mest reinspikka juridiske man får. Det finnes ikke noe som heter asylpolitikk, det er kun snakk om internasjonale forpliktelser». FNs generalsekretær, Antonio Guterres, sa då han var høgkommisær for flyktningar at flyktningar har uinnskrenka rett på vern stadfest i internasjonal rett, sagt på annan måte, so lenge det finst flyktningar er der inga grense oppad om kor mange flyktningar europeiske land pliktar å ta imot. Finst det flyktningar pliktar vi å ta imot dei uansett, ingen land kan setje eit absolutt tal og slå fast at fleire tek ein ikkje.

Eg kunne ikkje vore meir ueinig, det er slike bastante, lite gjennomtenkte og til dels arrogante påstandar som hevar temperaturen unødig i norsk asylpolitikk. Faktisk ser eg for meg at asylpolitikken og det norske flyktningeregimet heller burde verte meir politisk. Vi bør meisle ut ein ny flyktningpolitikk som byggjer på prinsippet om solidaritet forankra i befolkninga, tal flyktningar må setjast gjennom demokratiske nasjonale prosessar og ikkje gjennom internasjonale traktatar. Alt for lenge har all debatt vorte kvelt fordi det har festna seg eit inntrykk av at handlingsrommet i asylpolitikken er stengt på grunn av internasjonale konvensjonar. Dette er feil. Mykje kan endrast utan å forkaste Flyktningkonvensjonen. Alle veit at fleirtalet av asylsøkjarar dei siste åra er økonomiske migrantar. Ein reduksjon av ulovleg migrasjon vil sjølvsagt frigjere ressursar til å hente fleire kvoteflyktningar via FN-systemet. Kvart einskilt land, ikkje overstatlege organisasjonar, må kunne bestemme sjølv gjennom demokratiske prosessar, både årleg makstal og samansetjing av kvoteflyktningar. Gjer vi ikkje dette har vi i mine auge mist kontrollen over innvandringa, og det har ikkje noka regjering folkeleg mandat til.

Fleire vil sikkert hevde at folkeleg forankra solidaritet uansett vil vere usolidarisk. Til det kan seiast at i dag brukar samfunnet milliardar av kroner på asylsøkjarar som likevel endar opp med å få avslag og verte returnert. Desse ressursane kunne (og burde!) vore brukt på flyktningar i ytterste naud, ikkje på migrantar som evnar å betale kriminelle menneskesmuglarar for tilgang til Europa. Velviljen hjå folket vil også ganske sikkert verte større når alle ser at det ikkje berre er økonomiske migrantar som på uregelrett vis søkjer asyl.

Menneskerettar og demokrati brukast om kvarandre, det ein ofte gløymer, eller helst vil gløyme, er at det er store spenningar mellom desse to omgrepa. Ein endar ofte opp med rettsleggjering av politikken, der tilnærminga vert ein vanskeleg balansegang mellom internasjonalisering og rettsleggjering på ei side, sett opp mot nasjonal suverenitet og ein innvandringspolitikk som speglar folkeviljen på den andre sida.

Dagens flyktningeregime er utvilsamt tap-tap for alle partar. Mottakarlanda kan ikkje drive fornuftig samfunnsplanlegging fordi ein ikkje kjenner befolkningsveksten dei komande åra. Også for asylsøkarane er dagens ordning overvegande negativ, dei investerer alt dei eig i eit nytt liv, men kan ende opp med å sitte i årevis i asylmottak før dei vert sendt tomhendt tilbake.

Dette kan umogleg vere berekraftig i det lange løp …