– Dette er ei stor hending for flyklubben. Vi er veldig stolte over at Jorge representerer oss, seier Oddvar Strand, leiar i Volda/Ørsta flyklubb.

Jorge Dalsbø er frå Vestnes, og har drive med presisjonsflyging om lag fem år. Han har ikkje fly sjølv, men det får han disponerte gjennom flyklubben.

– Det er eit stykkje å reise til Volda/Ørsta, men flyklubben er veldig fin å vere medlem i, og difor har eg vald å melde meg inn der. Det er ein veldig positiv klubb som tenkjer nytt, seier Dalsbø.

Noregsmeisterskapen vart halden helga før 17. mai i Grenland. Konkurransen har fleire element, og den som får færrast straffepoeng i alle øvingane har vunne.

– Vi navigerer frå punkt til punkt i ein smal korridor, og det gjeld å passere nøyaktig på sekundet Vi brukar ikkje moderne tekniske hjelpemiddel i navigeringa, så dette handlar om det mest grunnleggjande innan flyging, seier Jorge Dalsbø.

Flygarar frå Hordaland har hatt klippekort på topplasseringane dei siste åra. Jorge Dalsbø sytte for at sigersrekkja til bergansarne vart brota.

– Fjorårets meister rota det litt til for seg sjølv og hamna eit godt stykkje nede på resultatlista totalt sett, skriv Grenland flyklubb i ei oppsummering.

Også ein annan frå Volda/Ørsta flyklubb gjorde seg bemerka.

Premien for beste debutant gjekk til Fredrik Bjørneseth frå Volda/Ørsta flyklubb.

– Det var kjekt å ha med seg Fredrik, og han gjorde ein flott innsats i konkurranseklassa for dei yngste, seier Jorge Dalsbø.

Presisjonsflyging: Frå flyginga ved eit tidlegare Noregsmeisterskap. Foto: Jorge Dalsbø Foto: Jorge Dalsbø