Bakgrunnen for saka er at Arbeidstilsynet har påpeikt manglar ved noverande ambulanselokalisering ved Volda sjukehus. Dette har medført at Helse Møre og Romsdal sikte på å gå ut med eit tilbod for å finne nye og eigna lokale til ambulansestasjon i rimeleg nærleik til sjukehuset.

Tilrådinga frå Helse Møre og Romsdal er at noverande ambulansestasjon bør flyttast til eit område nærare Ørsta og at det er ein stor fordel å samlokalisere ambulanse- og legevaktstasjonar.

Dette har fått alarmklokkene til å ringje både i Ørsta og Volda kommunar. Det er ei frykt for at eit slikt tiltak vil svekkje akuttfunksjonen til sjukehuset.

Difor har rådmennene i Ørsta og Volda kome fram til ei sams tilråding, der det vert kravd at både ambulansestasjon og legevakt skal vere knytt til sjukehuset.

Og haldninga i kommunestyret i Ørsta torsdag, var at dette ikkje skal vere nokon lokaliseringskamp mellom Ørsta og Volda om ein ambulansestasjon. Tvert i mot meiner eit samla kommunestyre at pasienten sitt beste må liggje i botnen, og at det beste er ei løysing som styrkjer Volda sjukehus.

Eg vil gje rod til administrasjonen for eit grundig arbeid med sanna saka, sa Karl Asgeir Sæbønes (Sp).

Han fekk følgje av Hans-Olav Myklebust (Frp).

– Det er viktig at vi står samla for å kunne utøve påtrykk overfor dei som avgjer, sa Myklebust.

Han lufta ein tanke om det er mogleg at ein ambulanse for framtida vert stasjonert i Ørsta, men Myklebust ynskte ikkje at dette skulle vere med i vedtaket.

Ordførar Stein Aam (Sp) informerte om at det er brukt mykje tid på denne saka i Sjustjerna-samarbeidet, altså i kommunane på Søre Sunnmøre. Han stussa over fleire forhold i saka frå Helse Møre og Romsdal.

– Vi veit at det har kome rapportar om køyretid til sjukehuset, men samstundes veit vi at helse Møre og Romsdal går inn for å samlokalisere ambulansetenesta ved nye Molda sjukehus og på Hjelset, og til noverande sjukehus i Kristiansund, sa Aam.

Per Are Sørheim (H) understreka at pasienten sin tryggleik må kome fyrst.

– Og det er ved å ha eit komplementært sjukehus i Volda, poengterte Sørheim.