Vi skal tilbake til fredag 5. april, året var 1968 og spente ungdomar sat klare, både i Ørsta og i Rjukan, for å bestemme kva for artister som fortente ein plass på toppen av Ti i skuddet si resultatliste. Det populære radioprogrammet som innførte listepopmusikken i NRK, med Vidar Lønn-Arnesen i spissen.

Musikken som fall aller best i smak blant Ørsta-ungdomen var det britiske bandet The Tremeloes med songen «Suddenly You Love Me», visesongaren Donovan med «Jennifer Jupiter» og den britiske gruppa med det lange navnet Dave Dee, Dozy, Beaky, Mick & Tich med «The Legend Of Xanadu» som sigla inn på ein tredjeplass.

Norsk på lista

Men det var ikkje berre dei britiske popgruppene som imponerte denne aprildagen. Også norske Happie med Dag Spantell fekk innpass på topp 10-listen, då songen «Flowergirl» totalt blei tildelt 145 poeng.

Ungdomsjuryen gav sine poeng ved å trykke på ein mentometerkapp, og mentometeret viste i prosent kor mange som tryktet kvar gong. Avstemmingssignalet var ikkje ein særleg vakker lyd, og var kjent blant lyttarane for å øydelegge mange kassettopptak.

Programmet ins faste sekretær og mentometerstemme Tove Sjøbæk, som ho heitt den gong, gir også no poenga til platene som blir spelt. Til og med «Surra», som den berykta avstemmingslyden blie omtalt som, er no med i Tid – i skuddet, akkurat som i Ti i skuddet på 60-tallet.

Vidar Lønn-Arnesen, som sjølv hadde ideen til programmet, håper at Tid – i skuddet kan friske opp dei beste minna, og skape den samme begeistringa hos dagens lyttarar.

Vekas episode av Tid – i skuddet høyrer du fredag 25. mai klokka 17.00 på Radio Vinyl, denne gongen med Dag Spantell som gjest. Vidar skal også spele songene ffå Ti i skuddet si resultatliste 5. april 1968.

Slik stemte ungdomane i Ørsta fredag 5. april 1968:

1. The Tremeloes – Suddenly You Love Me (160)

1. Donovan – Jennifer Jupiter (160)

3. Dave Dee, Dozy, Beaky, Mick & Tich – The Legend Of Xanadu (154)

4. Paul Mauriat & His Orchestra – Love Is Blue (L’Amour Est Bleu) (152)

5. Otis Redding – (Sittin’ on) The Dock of the Bay (151)

6. Happie – Flowergirl (145)

7. Manfred Mann – Mighty Quinn (Quinn The Eskimo) (138)

8. Don Partridge – Rosie (129)

9. Jeff Beck –  Love Is Blue (L’Amour Est Bleu) (117)

10. The American Breed – Bend Me, Shape Me (101)

10. The Lemon Pipers – Green Tambourine (101)