Fylkeslaget til Norges Taxiforbund ber no kommunane og næringskontora om å ta affære.

– For drosjenæringa er dette ei alvorleg sak. Ikkje minst fordi kundane vert pålagde ei ny avgift, seier leiar Per-Morten Bjørlykke i Norges Taxiforbund avdeling Møre og Romsdal.

I eit skriv til kommunane viser Bjørlykke til at endringa i prisinga i parkeringsavgifta kom då Avinor la om parkeringssystemet ved Ørsta-Volda lufthamn. Avinor gjekk vekk frå automatar og bom til eit heilautomatisk system som registrerer kjennemerka.

– Då ordninga vart innført, var det femten kroner per passering, og det var gratis i inntil ti minutt. No er prisen frå 37,50 for dei som har registeret bilnummeret sitt i systemet og 44,00 for ikkje-registrerte nummer på drosjer. Og når du er registrert, er det ikkje gratis dei fyrste minutta. På Ålesund lufthamn er det til dømes sju minutt gratis for alle, fortel Bjørlykke.

Han seier at Hovden er i ei særstilling.

– Molde og Kristiansund har ikkje innført dette enno, for drosjenæringa har protestert vilt. Ved Hovden risikerer vi å betale hundretusenvis av kroner eigentleg for ingenting, seier Bjørlykke.

Han seier at avgiftsnivået på Hovden nærmar seg Gardermoen og Flesland, men medan det er taxidepot med opphaldsrom og fasilitetar, har ikkje Hovden noko å tilby drosjesjåførane.

– For oss er det heilt klart at dette ikkje kan halde fram. Vi må no leggje på rekninga til passasjerane med femti kroner. Dei er kundane som må betale, seier Bjørlykke.

Han ser føre seg to løysingar. Anten at Avinor kjem opp med ei betre løysing.

– Eller at vi får laga til ein oppstillingsplass for drosjer utanfor Avinor sitt område. Det er ikkje lenger å gå til og frå terminalen enn at det er mogleg, seier Bjørlykke.

Fungerande lufthamnsjef Terje Nergård seier til Møre-Nytt at dei sakene som vedkjem dei lokale drosjene, er til handsaming. Avinor har sett vekk parkeringssystemet til eit eige selskap som driftar denne.

– Utover det er det i gang forhandlingar mellom Avinor og Norges Taxiforbund om det nye heilautomatiserte parkeringssystemet som vert fasa inn, seier Nergård.