Det vart ein merkeleg kamp i Ørsta torsdag kveld. Ørsta var klart best i fyrste omgang, og leia 1–0 til pause.

Men i andre omgang gjekk alt gale. Valder skåra på mest alt dei hadde av sjansar, og vann 5–2, fortent nok.

For dårlege på dødball

– Vi vart for dårlege på dødballar, og vi vart for dårlege i duellspelet rundt vår eigen sekstenmeter. Dermed fekk Valder avslutte frå gode posisjonar, seier trenar Vegard Heltne, som var svært skuffa etter kampen.

– Vi var dårlege, og tapte fortent, seier Heltne.

Det folk hugsar frå denne kampen, det var det som skjedde 38 minutt ut i fyrste omgang.

Ørsta fekk hjørnespark, og Sverre Sætre Orten tok det. Han la ballen over feltet, og på bakarste femmeterhjørne. Der hadde Jørgen Winjevoll kome seg fri, og han møtte den dalande ballen i vassrett stilling, og saksesparka ballen i mål på heil volley. Då var det stor jubel både blant spelarane og publikum.

Ville heller hatt siger

– Men eg skulle gjerne ha bytta vekk dette målet mot siger i dag, seier Winjevoll til Møre-Nytt etter kampen.

– Eg skjønar eigentleg ikkje kva som skjedde i andre omgang. Vi gjekk tomme, seier Winjevoll.

For andre omgang vart ein skrekkomgang frå Ørsta si side.

Valder var mykje hissigare enn i fyrste omgang, og alt etter fem minutt vart det 1–1. Det var Steffen Oksnes Eide som utlikna etter at det vart gjeve ein retur han fekk møte heilt åleine.

Valder i føringa

Nitten minutt ut i omgangen tok Valder leiinga. Det var Gaute Hjellbakke Pettersen som skåra etter eit hjørnespark.

Seks minutt seinare vart det 3–1 til gjestene ved Jonathan Mulevik. han skaut ballen upressa i mål frå seksten meter.

Ørsta fekk eit lite håp etter 32 minutt. Olav Vinjevoll vart felt innanfor sekstenmeterstreken, og dommar Tove Marie Tandstad dømde straffespark. Eksekutør var Mats Øvrebotten, og han sette straffesparket sikkert i mål.

Punkterte

Ørsta pressa på for ei utlikning. Men i staden var det Valder som punkterte kampen.

Seks minutt før full tid vart det 4–2 ved Preben Valderhaug, før Levi Blindheim fastsette sluttresultatet til 5–2 fire minutt for ordinær tid var ute.

Saksespark: Her har Jørgen Winjevoll akkurat fått fulltreff, og ballen går i mål. Foto: Rune Sæbønes