Smp. no. Det sa støtteadvokat Jørund Knardal i prosedyren i Søre Sunnmøre tingrett onsdag.

– Driftsleiaren er fullstendig klar over at dei oppheld seg innanfor sikkerheitssona på 90 meter. Han hadde mange moglegheiter for å unngå ulukka, sa Knardal, som meiner det ikkje er nokon grunn til å skulde avdøde sjølv for det som skjedde.

Krev oppreising

Han meiner den tiltalte driftsleiaren har handla grovt aktlaust, og at dette førte til at Sjur Hamar døydde. I retten la støtteadvokaten ned påstand om 125.000 kroner i oppreisingserstatning til enka, samt dekning av gravferdskostnader.

– Sjur kom spaserande på tur med hunden. Han møter ingen fareskilt. Han går på ein skogsveg som er open for allmenn ferdsel. Han får ingen åtvaringar om å halde seg unna, understreka Knardal, som meiner det var brot på forskrifta når det ikkje var sett opp åtvaring om hogstarbeidet.

Han meinte det var grunn til å tru at det var trygt å stille seg opp ved sidan av driftsansvarleg, som ein må tru ikkje ville setje seg i ein situasjon der han kunne bli skadd. Dette viste seg å vere falsk tryggleik. Knardal trekte også fram at tiltalte ikkje gjorde noko for å få mannen vekk, men tvert imot snakka han med han medan hogstmaskina nærma seg.

Fengsel på vilkår

Aktor Lena Katrin Romestrand meiner tiltalte må dømmast til fengsel i 30 dagar på vilkår, med to år prøvetid. Vidare meiner ho han må betale 15.000 kroner i bot, samt sakskostnader etter rettens skjønn.

Romestrand heldt fram at det handlar om trehogst, av 30 meter høge tre, i ein bransje der det er fare for liv og helse. Difor er det strenge aktsemdskrav.

Ho meiner tiltalte ikkje hadde vurdert risikoen godt nok. Ulukka hende på ein skogsveg som var open for fri ferdsel, og spørsmålet er om arbeidet var godt nok varsla eller sikra.

– Det absurde er at ulukka ikkje ville skjedd, viss tiltalte hadde overhalde prosedyrar som verksemda hadde, sa Romestrand som i utgangspunktet hadde foreslått å gi bot. Statsadvokaten meinte derimot at forholdet er så alvorleg at det måtte opp som straffesak.

Påstand om frifinning

Forsvarar Håkon Sætre Rasmussen meiner mannen må frifinnast. Han understreka at selskapet hadde HMS-system og hadde vurdert risiko. Dei hadde kome til same konklusjon som oppdragsgivar Allskog, om at det ikkje var noko krav om å setje opp varselskilt.

– Det var svært tydeleg at det var hogst i området. Maskina laga lyd og kunne identifiserast på lang avstand, sa Rasmussen som meiner det er maskinføraren som handla aktlaust.

– Maskinføraren gjer ikkje det han skal. Treet fall i blindsone der han ikkje hadde full sikt. Han kappar treet utan å sjå seg føre. Hadde han sett seg føre, så hadde ikkje ulukka skjedd, sa Rasmussen.

Saka er henta frå Sunnmørsposten smp.no

Forsvarar Håkon Sætre Rasmussen meiner driftsleiaren ikkje kan lastast for dødsulukka, og at det er mannen i hogstmaskina som ikkje gjorde det han skulle. Foto: Joachim Kroken Åsebø