Nokre dagar før 24. august 2016 starta hogstarbeidet bak Ørsta-Volda luftshamn. På ulykkesdagen kom Sjur Hamar gåande med hunden sin inn i området. Ei hogstmaskin er i gang med arbeidet og 30-40 meter unna på ein skogsveg står den driftsansvarlege i hogstselskapet og tek bilete og video av arbeidet. Den avdøde går opp skogvegen, stoppa ved den driftsansvarlege og dei snakkar saman ei lita stund. Plutsleg fell eit tre mot skogsvegen der mennene står i staden for å legge seg ned i skråninga. Mennene spring kvar sin veg. Den driftsansvarlege kjem seg unna treet, medan den avdøde og hunden begge hanmnar under treet. Det vart raskt ringt til 113. Ambulansehelikopter kom til staden og den skadde vart frakta til Ålesund sjukehus der han seinare døyr.

Slik vart hendingsforløpet langt fram i Søre Sunnmøre tingrett tysdag. Enka til avdøde var eit av vitna. Ho forklarte at dei begge var pensjonistar, og at dei såg fram til mange gode år saman. Avdøde vart omtala som svært oppteken av tryggleik i skog og rundt maskiner, og at han alltid nytta verneutstyr då han arbeidde i skogen. Årsaka til at han tok turen opp i hogstområdet var at han var interessert i skogdrift.

–Hadde det vore merka ville han ikkje gått inn i området.

Den tiltalte, ein mann i 50-åra frå Nordfjord, sa seg ikkje skuldig på dei to tiltalepunkta mot han. Mannen er tiltalt for to brot på arbeidsmiljølova. Lovbrota omhandlar sikring og merking av arbeidsstad i tilknytting til ferda område, og vurdering av riskio knytt til arbeidet.

Mannen forklarte at oppdraget i Hovdebygda vart både frå han og oppdragsgivar si side sett på som eit rutineoppdrag. Grunna at området ikkje vart sett på som eit beferda område vart det ikkje merka. Mannen forklarte at det er ei risikosone på nitti meter rundt hogstmaskina og tryggleiksmerking på maskina, i tillegg til at det skal opprettast radio- eller mobilkontakt med maskinføraren før andre arbeidarar tok seg inn i området.

–Eg stod og filma og tok bilete. Plutsleg kom det ein person opp på sida av meg. Eg tok nokre bilete til. Då eg skulle til å gå vekk frå området kom det eit tre imot oss. Hadde vi stått i ro hadde ikkje treet treft oss. Eg tok 8-10 steg oppover i vegen, og han gjekk dessverre andre vegen. Eg skulle ønske at eg tok tak i jakka hans. Han sprang same vegen som treet datt, og då nådde det han att. Då skjedde det fatale, forklarte mannen som og sa at han beklaga det som skjedde.

–Kva var tilstanden til mannen?

–Eg såg at han forsvann under treet. Det var langt oppe på treet og eg hadde von om at det gjekk bra. Hunden kom springande ut. Mannen var vaken og klar, og ville røyse seg. Eg bad han om å ligge i ro og ringde 113.

Eit sentralt spørsmål frå politiadvokat Lena Kristin Romestrand var kva for tryggleiksanalyse som var blitt gjort i forkant av hogstarbeidet. Mannen forklarte at det ikkje var ei skrifteleg sikker-jobbanalyse for dette oppdraget.

–Saman med oppdragsgjevar såg vi på dette som eit rutineoppdrag. Det er heller ikkje normalt å alltid gjere ei sikker jobb-analyse. Om det er arbeid nær tettbygd strøk eller veganlegg så har vi alltid ei slik analyse.

Rettsaka varer onsdag og torsdag.

Forsvarar Håkon Sætre Rasmussen Foto: Joachim Kroken Åsebø