Det seier planleiar Gunnar Wangen i Ørsta kommune. Laurdag er det klart for opning av Svendsenhagen, der uteområdet til Svendsengarden har fått eit stort andletslyft.

Det har vorte bygt ein heilt ny hage, ein ny busshaldeplass, parkeringsplassar, buldrevegg og hellegang med varmekablar.

Laurdag er det klart for opning av Svendsenhagen i Vikegata. Då inviterer Ørsta kommune til opningsfest med kulturinnslag og talar.

Hagen er så godt som heilt ferdig. Den nysådde plenen må gro seg skikkeleg til, og det står att nokre detaljar ved den nye busshaldeplassen. Han skal overleverast til Statens vegvesen i juni.

Arbeidet med Svendsenhagen er eit resultat av Europan-tevlinga om utforminga av nye Ørsta. Vinnarane, det danske arkitektselskapet FELT, har forgjeve hagen inkludert busshaldeplassen.

– Så busshaldeplassen vert noko heilt unikt for Ørsta, seier Wangen.

Det var stor vilje i kommunen til å få etablert hagen og busshaldeplassen, men finansieringa var eit problem. Der kom Sparebanken Møre inn.

– Eg er stolt over å kunne overrekke Ørsta Kommune utbyttemidlar på kr 450.000 kroner til dette føremålet, seier banksjef Line Wiik Bjerknes i Sparebanken Møre.

– Fortetting skaper utvikling

– Vi er svært takksame for at vi nok ein gong får vere med å bidra til å utvikle Ørsta Sentrum. Vi trur det er eit stort potensial i å utvikle Vikegata og sentrum enda meir. Dette trur vi vil skape meir aktivitet, fleire vil kanskje etablere seg i området og starte eigne føretak. Ei fortetting vil skape utvikling og mangfald, seier Wiik Bjerknes.

Ordførar Stein Aam er svært takksam.

– For utan desse midlane, hadde vi ikkje greidd å få til dette, seier ordføraren.

Han er også klar på at moderniseringa av Ørsta sentrum ikkje stoppar med opninga av Svendsenhagen.

– Nei, dette er berre starten, seier Aam, og viser til områdeplanen for Ørsta sentrum som no er ute til høyring.

Han inneheld fleire moment som skal medverke til at Ørsta sentrum endrar seg, vert meir urbant, vert meir tilgjengeleg og meir tilrettelagt for at folk skal kunne opphalde seg og oppleve i sentrum.

Hage: Svendsenhagen er klar til opning. F.v.: Banksjef Line Wiik Bjerknes i Sparebanken Møre, ordførar Stein Aam, avdelingsleiar Gunnar Wangen og Dag Jarle Aa frå uteseksjonen i Ørsta kommune. Foto: Rune Sæbønes