Det er Tv2 som fortel historia om Helle Brenne Høydal  sin konfirmasjon. tv2  Medan dei fleste andre jentene stilte i bunad kledde ho seg  i dress, Mikke Mus-skjorte, knall oransje sko, eit regnbogefarga slips og regnbogebutton.

– Eg følte meg komfortabel i det, og det var for å vise kven eg er, fortel femtenåringen i eit intervju på God morgen Norge.

I januar fortalde Helle at ho var homofil til foreldra og søstera, men det var først i konfirmasjonen at ho stod fram for resten av slekta. Nokre dagar dager seinere fortalde ho det til vennene og resten av klassa gjennom læraren sin.

– Det har vore veldig positivt og bra. Det er deilig å ha fått sagt det og eg har berre fått positive tilbakemeldingar, seier ho til TV2.

Pappa Steinar Høydak forteller han at han var litt nervøs før dattera skulle kome ut av skåpet.

– Det er klart eg var spent, ein er alltid spent på om bygdesamfunnet er klar for å ta imot ein homofil ungdom, men tidene har endra seg. Ungdomane i dag er meir tolerante, og det er ikkje så farleg å vere litt annleis.