Det er i eit grunngjeve spørsmål til ordføraren til møtet i kommunestyret, 24. mai, at Bjørdal tek opp saka. Til det same møtet stiller kommunestyrerepresentant Tove Halse Digernes (Sp) spørsmål om kva som skal til for at Ørsta Folkebibliotek kan halde ope onsdagane.

Engasjerer

I saka som gjeld gang- og sykkelveg gjennom Åmdalen peikar Astrid Bjørdal på at dette er ei sak som engasjerer mange.

– Der er mange vektige argument som talar for å få på plass gang- og sykkelveg på denne strekninga. Nokre av desse argumenta veg ekstra tungt, då delar av strekninga er skuleveg for to barneskular, skriv Bjørdal i det grunngjevne spørsmålet.

– Sidan vegen vert rekna for farleg skuleveg, vert mange av elevane ved Dalane skyssa med buss, sjølv dei som bur i gangavstand til skulen. Elevar ved Åmås friskule kryssar den smale Høgebrua som er ein flaskehals i trafikkavviklinga, skriv Bjørdal.

Ho peikar på at dei som bur og ferdast dagleg langs vegen uttrykkjer stor uro når det kjem til tryggleik for mjuke trafikantar.

– Sett i eit folkehelseperspektiv er det viktig å legge til rette for fysisk aktivitet, og for å sikre trygge skulevegar. Gang og sykkelveg vil legge til rette for dette. Det er gledeleg at der er kome gang- og sykkelveg ved Hengebrua/Melsgjerdet, og at

gangveg på strekninga frå Dalane skule til Tussakrysset snart er på plass. Vidare er det gledeleg at grunneigarar er positive til grunnavståing, og på denne måten bidreg til vidare arbeid med gang og sykkelveg, skriv Bjørdal. Ho peikar på at bygdefolk ved grendelaga, skulane, foreldreutvala og fleire likevel er utolmodige, og vonar sterkt at dette viktige arbeidet har høg prioritet vidare framover, både i kommunen og i fylkeskommunen.

Ho stiller desse fire spørsmåla til ordføraren:

1. Kor langt har prosessen med gang og sykkelveg langs rv. 655 kome?

2. Kor langt har prosessen med ny Høgebru kome?

3. Kva gjer Ørsta kommune for å få fortgang i prosessane?

4. Kva kan innbyggjarar i kommunen gjere for å få fortgang i prosessane, (anna

enn grunnavståing)?