– Mykje var på plass då eg tok til i jobben i januar i år, men mykje stod også att. Eg føler at eg har fått sett mitt preg på programmet, saman med dei andre i Ivar Aasen-tunet, og vi seier oss svært godt nøgde!

Totalt i løpet av den fire dagar lange festivalen, 7.–10. juni, vert det 55 programinnslag fordelt på til saman 20 ulike arenaer, både i Ørsta og Volda og i ytre.

Barn og unge

– Og totalt har vi ni programpostar retta mot barn og unge. Også dei unge i bygdene våre fortener å føle på kroppen at det er festspel! Og dei skal få eit program av høg kvalitet. Vi trur og håper på at vi får med oss fleire ungar enn nokon gong. Dette vert stort, seier Opsvik.

Mellom andre kjem Silje Sirnes Winje kjent frå NRK Super for å halde Festsprell-aktivitetar. Det vert familiestund i bygdetunet i Volda, og det vert høglesing både på Spinneriet i Volda og på Ørsta folkebibliotek.

– Søndagen håpar vi på fint vêr og ein kjekk tur for store og små til Høgetua. Det blir levande lydsti med instrument-skattejakt for dei minste og høgtlesing frå boka Ei kjedeleg bok av Vegard Markhus etterpå. Dette arrangementet er i samarbeid med kulturskulane i Volda og Ørsta og Samlaget.

Lokale bidrag

Årets festspeldiktar er Marit Eikemo, og i fleire av programpostane vil ho medverke. Andre namn på lista er festspelkunstnar Roar Hagen, Linda Eide, Herborg Kråkevik, Frode Grytten, Runar Gudnason, Jon Olav, Jorun Marie Kvernberg og mange, mange fleire.

– Særleg vil vi trekke fram dei lokale som bidreg, seier Olav Opsvik.

Mellom anna har dei eit nært samarbeid med kunstlaget.

– Dette er det tredje året vi er med og har kunstutstilling i samband med festspela, fortel leiar Anne Ellingsen.

I år er det utflytta ørsting Roar Hagen som er festspelutstillar.

Biblioteka er med, og skal ha lesestunder for barn. Næringskontoret er involvert, bygdetunet i Volda, Volda kyrkje, kafear i Ørsta og Volda, Ørsta idrettslag, studenthuset Rokken m.m.

– Og vi er særleg glade for at vi har fått med oss ungdomshuset Kaihuset i Ørsta. Dei vil lage eit eige program, som vi gler oss til, fortel Opsvik.

Dei ser allereie fordelar med å ha flytta tidspunktet for Dei nynorske festspela.

– Tradisjonen er å ha festspela i slutten av juni, men med ferieavvikling og anna, har det gjerne ført til at mange som vil vere med, ikkje har hatt høve til det. Slik er det ikkje no, og vi har von om at eit tidlegare tidspunkt vil gi fleire og betre program og fleire publikummarar, seier Opsvik.