Pastor Hans Reite er ein flittig leverandør av lesarinnlegg til Møre-Nytt. No har han sendt rapport frå ein tur bibelskulen ved Nytt Livs senter hadde til Israel i månadskiftet april/mai. Opphaldet fall saman med 70-års markeringa for proklameringa av Israel som eigen stat.

– Etter å ha vitja Haifa og hatt dåp i Jordan, så reiste vi til Jerusalem der byen var pynta med masse flagg i forbindelse med jubilea. Dei feira at det er femti år sidan seks dagars krigen der gamlebyen vart befridd og at staten var sytti år. Der var foredrag for skuleklassar i parkane, og folk gikk i tog og jubla over fridomen, skriv Hans Reite i innlegget han har sendt Møre-Nytt

Spent situasjon

Han vedgår at den spente situasjonen mellom jødar og palestinarar la ein dempar på feiringa.

–Mens vi var der så sendte Iran rakettar til Golan frå Syria, og frå Gaza trengde Hamas seg mot grensegjerdet mot Israel. Dette vart stoppa, men folket lever i stadig frykt for krig.  I motsetnad til Tel Aviv er Jerusalem ein heilag og svært fin by. Alle hus er dekte med Jerusalem-stein for at byen skal vere fin når Messias kjem att, skriv Hans Reite.

Sodoma og Gomorra

Han fortel at han fekk vere med ei gruppe som reiste til Dødehavet, og området der arkeologar meiner å ha funne restane etter oldtidsbyane Sodoma og Gomorra. I følge Det Gamle Testamentet sende Gud straffedom over desse to byane i form av "eld og svovel" fordi folket levde i stor synd, inkludert eit utsvevande seksualliv.

– Det regna eld og svovel over dei fordi synda florerte i desse byane. Bibelen fortel at dei er ein advarsel og eit forbilde på dei ugudelege i framtida. Det var fredag den 11. mai som vi var der, same dagen som Pridemarsjen vart arrangert i Volda. Dette var ikkje tilfeldig for meg, skriv Hans Reite.

Her er heile innlegget:

"I mai var vi ei gruppe på ni frå Zoe bibelskule som var på ein tolv dagars tur til Israel. Vi budde først i Tel Aviv. Der vitja vi " Sjølvstendighetssalen " der David Ben Gurion for nøyaktig sytti år sidan proklamerte Israel som ein sjølvstendig stat. Vi høyrde lydopptak frå dette i salen som er omgjort til museum. Ben Gurion sende Golda Meir til Amerika for å samle inn pengar til våpen for den nye nasjonen. Han sa at sjansen for at Israel skulle vinne den første krigen mot arabarane var på to og ein halv prosent, men likevel så vann dei! Ben Gurion sa vidare at dei som ikkje trur på under i Israel ikkje er ein realist. Vi har tidlegare vitja heimen hans i Negev ørkenen der han arbeidde på ein kibbuts dei siste åra av livet sitt. Han hadde eit bibliotek på over fem tusen bøker i huset.   Etter å ha vitja Haifa og hatt dåp i Jordan, så reiste vi til Jerusalem der byen var pynta med masse flagg i forbindelse med jubilea. Dei feira at det er femti år sidan seks dagars krigen der gamlebyen vart befridd og at staten var sytti år. Der var foredrag for skuleklassar i parkane, og folk gikk i tog og jubla over fridomen. Likevel så var der ei demping på feiringa då situasjonen var spent. Mens vi var der så sendte Iran rakettar til Golan frå Syria, og frå Gaza trengde Hamas seg mot grensegjerdet mot Israel. Dette vart stoppa, men folket lever i stadig frykt for krig.  I motsetnad til Tel Aviv er Jerusalem ein heilag og svært fin by. Alle hus er dekte med Jerusalem-stein for at byen skal vere fin når Messias kjem att. Denne steinen skin i solnedgang og difor er Jerusalem kalla " Den gyldne stad". Vi var på Oljeberget og såg utover byen. På tempelplassen står Omar moskeen og Klippe moskeen der kuppelen er dekt av gull. På denne plassen skal Det tredje templet byggast opp. Vi var i eit hus der dei har ting som er klare for å verte plasserte i dette templet. På Oljeberget er det over hundre tusen graver for ut frå Det gamle Testamentet så veit jødane at det er her Messias skal kome att. Det var her Jesus for opp til himmelen ogskal kome att.  Eg fekk vere med ei gruppe til Dødehavet. Der fekk vi mellom anna sett byane Sodoma og Gomorra som har ligge i aske i nesten fire tusen år. Det regna eld og svovel over dei fordi synda florerte i desse byane. Bibelen fortel at dei er ein advarsel og eit forbillede på dei ugudelege i framtida. Det var fredag den 11. mai som vi var der, same dagen som Pride marsjen vart arrangert i Volda. Dette var ikkje tilfeldig for meg. Vi hadde lunsj og bada ved Lots hotell. Det var han som vart berga ut frå byane før domen kom saman med døtrene sine.   Sjølv om vi høyrde rykte om krig så følte vi oss trygge i Israel. Spesielt i Jerusalem kjende vi Guds fred. Vi budde på Bet Norvegia, det norske hus, som er grunnlagt av tidlegare sjømannsprest Per Faye Hansen. Her hadde vi andakt og samlingar om Guds ord kvar dag. Vi fekk høyre at det vert fleire og fleire messianske jødar i landet. Gud har gitt Israel tilbake til folket sitt jødane, for at dei aldri skal misse det meir. Måtte vi stå med Israel og be om fred for Jerusalem!"

Hans Reite.