SSB presenterte denne veka dei siste befolkingstala, frå utgangen av mars i år.

Tala syner at Ørsta har 10.826 innbyggjarar per 31. mars i år. Det er ein vekst på 14 innbyggjarar sidan årsskiftet.

Det er nettoinnflytting som har gjeve folketalsveksten, for det var tretten fleire personar som flytta til Ørsta enn som flytta frå kommunen.

Fødselsoverskotet var på ein person.

I Volda var det ein marginal folketalsvekst på to personar. Det var 9.190 innbyggjarar i Volda per 31. mars. Volda opplevde eit fødselsoverskot på fem personar i fyrste kvartal, men at tre fleire personar flytta ut frå kommunen enn inn i kommunen.

På Søre Sunnmøre var det per 31. mars 8.952 innbyggjarar i Herøy, (. 605 i Ulstein, 3.182 i Vanylven, 2.508 i Sande og 5.175 i Hareid kommune. Herøy, Sande og Vanylven opplevde nedgang i folketalet, medan det var ein vekst i dei andre. Ulstein kommune hadde største veksten med 50 innbyggjarar.

I Hornindal kommune var det 1.178 innbyggjarar per 31. mars (+3) og i Stryn 7.188 (-7).