Ellinor Lund saman med borna Fredrik, Thomas og Nikolai hadde søndag tenkt seg på ein gåtur. Bak Hovdebygda stadion oppdaga brørne at rumpetrolldammen neste var heilt tom for vatn.

Foto: Privat

Dei tenkte at dei måtte gjere eit forsøk på å redde rumpetrolla, og fann heldigvis ein dam litt lenger inne i skogen der det framleis var mykje vatn. Det vart ein rask tur heim att for å hente bøtte og spade før redningskajsonen tok til.

Foto: Privat

Så starta arbeidet med å flytte rumpetrolla frå den uttørka dammen, gjennom skogen og over i den nye dammen.

- Vi klarte nok ikkje å redde alle, men vi har flytta tusenvis, seier brørne Fredrik, Thomas og Nikolai.

Foto: Privat

No vonar dei at rumpetrolla vil klare seg, og brørne seier at dei vil sjå etter rumpetrolla og følgje med utviklinga vidare.

Foto: Privat