Komande helg, frå 25.- til 27. Mai, vert Sunnmørstreffet arrangert for 35. gong. AMCAR Ørsta/Volda står bak arrangementet også denne gongen, og ser fram til ei triveleg helg i Ørsta. Laurdag er den store publikumsdagen for Sunnmørstreffet med streetrace på Mosflata.

– No køyrer vi to og to bilar i breidda, og vi har nytt tidtakingsutstyr på plass. Streetrace er ope for alle bilmerket og alle kan kome og prøve seg under lovlege former. I fjor hadde vi alt frå bilar med 50 til 500 hestekrefter som tok del, seier Stian Juliebø som saman med Hallvar Snipsøyr er treffleiarar.

Streetrace skal vere eit for alle sjåførar og har vore ein suksess under Sunnmørstreffet.

– Det er mange som ikkje har prøvd før, og når dei prøvar for første gong så blir dei hekta.

Sunnmørstreffet har dei siste åra vore heldige med vêret, og langtidsvarselet er godt for arrangøren.

– Vi kryssar fingrane for at meldingane slår til.

Sunnmørstreffet samarbeider i år med Hotel Ivar Aasen og laurdag kveld blir det dans med The VossaRebels.

– The VossaRebels er kjende frå Norske Talenter, og vi satsar på at dette blir stor ståhei i skikkeleg rockabilly-stil. Det er musikk som passar til treffet og folk kan få på seg danseskoa. Dei siste åra har vi nytta Rokken i Volda som konsertarena, men no får vi samla alt i nærområdet. Som tidlegare blir det og treffcamp ved Ørsta ungdomsskule.

Det er venta gjestar både frå Trondheim og Bergen til Sunnmørstreffet, og slår vêrvarselet til blir det mange bilinteresserte menneske i Ørsta. Søndag vert det og utstilling av ulike typar amerikanske bilar og motorsyklar ved Fora Form.

– Det er ikkje så mange treff som er weekendtreff lenger med både dans, streetrace og utstilling. Det var meir vanleg før, medan mange treff no har blitt korta ned til ein dag. Vi kjem til å halde det gåande heile helga. Alt ligg til rette for mykje folk og god stemning også i år. Vi trur det blir ei bra helg i Ørsta og det skal vere noko for kvar og ein smak, seier Juliebø.