– 1. mai kom vi plass i kontora våre i Spinneriet, seier Hege Robudal Stenkløv som saman med Nina Prestegarden Vatne er advokatane på kontoret.

Då Advokatfirmaet Holvik & Angelshaug etablerte seg i Volda i 2016 inngjekk dei eit samarbeid med Advokat Lars E. Sande. Selskapa lokaliserte seg i kontora til Advokat Lars E. Sande i Volda sentrum, men no var tida komen for å flytte inn i meir moderne kontor.

– No har vi nye kontorlokale og det er meir folk rundt oss. Etter at banken flytta frå sentrum var dette det rette steget.

Advokatfirmaet er godt nøgde med etableringa i Volda.

– Vi synest at det har vore vellukka å opne kontor i Volda. Det har gått bra og vi set pris på nærleiken til Søre Sunnmøre tingrett. Vi kjem til å bli verande her, og ønsker sjølvsagt nye og gamle klientar velkomne. I samband med at ein tidlegare partnar går av med pensjon, vert og firmanamnet vårt endra noko, slik at vi i næraste framtid vil heite Advokatfirmaet Angelshaug & Co., seier Robudal Stenkløv.

Advokatfirmaet Holvik Angelshaug vil halde fram samarbeidet med Advokat Lars E. Sande, og selskapa held no til under same tak i Spinneriet.

Joachim Kroken Åsebø