Det seier Erlend Urkegjerde, styreleiar for Urke landhandel.

Rekneskapen for 2017 syner at verksemda i fjor gjekk med overskot.

– Hovudårsaka til at overskotet vart så stort, var at ingenting gjekk sund. Til gjengjeld har mykje gått sund i år, slik at vi har måtta ta store investeringar, seier Urkegjerde.

Tala syner at Urke landhandel omsette for 3,38 millionar kroner i fjor. Det var ein auke på 270.000 kroner, medan utgiftssida auka med 75.000 kroner. Driftsresultatet vart på 331.523 kroner, og årsresultatet etter skatt og finanskostnader på 251.504 kroner.

– Og desse pengane kom godt med, for i vinter har vi opplevd at både kjøledisk og frysarar har vorte øydelagde, fortel Urkegjerde.

Modernisering

I tillegg må kassasystemet skiftast ut og moderniserast.

Urkegjerde poengterer at sjølve butikkdrifta er eit tapsprosjekt, og at det er campingdrifta som gjer det heile lønsamt.

Campingplassen har åtte hytter, og oppstillingsplassar til tolv campingvogner/bubilar.

– Og så er det telt. Mange telt. Dei to siste åra har mengda teltturistar auka. Særleg gjeld det fjoråret. På ein natt kunne her vere femten telt, fortel Urkegjerde.

Ikkje større investeringar

Campingplassen har vorte oppgradert på dugnad siste åra, men nokre større investeringar er ikkje planlagt.

– Nei, skulle vi ha gjort campingplassen større, og hatt fleire hytter, måtte vi også ha auka kapasiteten på sanitæranlegget. Det hadde vorte ei altfor stor investering for oss, seier Urkegjerde.

Campingsesongen er allereie i gang, og mai teiknar til å verte ein god månad.

– Campingplassen er viktig for oss på fleire måtar. I tillegg til sjølve drifta, gjev det jo oss kundar til butikken, og såleis til ei auka omsetning der, seier Urkegjerde.