Ved utbygginga av ein eigedom i Volda kommune vart det i 2006 gitt frå seg tinglyst erklæring om vegrett frå dei råka eigedomane. Det skulle betalast vederlag for fysisk avstått grunn, rekna etter ”kommunal grunnpris”. Beløpet skulle betalast etter at det var gitt byggeløyve og vegen var på plass. Utbyggar inngjekk ny avtale med dei råka grunneigarane i 2013. I 2014 vart vegen bygd. Etter utbygging oppstod det ein tvist om betaling for grunnavståinga etter ordlyden i den tinglyste erklæringa. I den nye avtalen som vart inngått i 2013, var det ikkje avtalt betalingsplikt.

Vann i tingretten

I Søre Sunnmøre tingrett i oktober i fjor vart ein av grunneigarane frifunne for betaling av vegrett, medan tre andre vart dømde til å betale 210.000 kroner til utbyggaren. I tillegg vart grunneigarane dømde til å betale 150.000 kroner i sakskostnader. Dei tre grunneigarane anka dommen til Frostating lagmannsrett. Saka var oppe til behandling i april.

Krav mot Ørsta-firma

I 2013 kjøpte utbyggaren i Volda eigedomen frå ein utbyggar i Ørsta. Kravet om vederlag for grunnavståing vart og retta mot utbyggaren i Ørsta.

Vart frifunne i lagmannsretten

Lagmannsretten kom etter ei konkret vurdering til at avtalen frå 2013 erstatta erklæringa frå 2006, og at det ikkje skulle vere betalingsplikt for grunnavståing.

Både utbyggaren i Ørsta og grunneigarane i Volda vart frifunne av lagmannsretten. Selskapet i Volda er dømde til å betale 110.000 kroner i sakskostnader i tilknyting til tingretten for utbyggaren i Ørsta og 70.000 kroner for grunneigarane. I samband med behandlinga i lagmannsretten må selskapet betale 110.000 kroner i sakskostnader for utbyggaren i Ørsta og 95.000 kroner for grunneigarane.